I sesongens siste episode av Eksperthaugen har Fbk Voss-guru Sebastian Bolstad og journalist Ørjan Brattetveit besøk av vinnarane i kåringa av tidenes beste fotballspelarar i Fbk Voss, klubben som i år fyller 100 år.

I nesten heile sesongen har podkastarane jakta den beste spelaren på damelaget og den beste herrelagsspelaren. Til slutt avgjorde Hordaland sine lesarar vinnarane mellom desse nominerte spelarane: Damelaget: Linda Fostervoll Kvamme, Stine Andreassen, Sanna Skulstad Dregelid, Laila Himle og Randi Himle. Og mellom herrespelarane: Svein Bremerthun, Olav Sønnesyn, Geir Giljarhus, Lars Erik Mørkeset, Thomas Solberg og Olav Skjeldal.

Kven som vann høyrer du i podkasten Eksperthaugen.

Høyr podkasten Eksperthaugen her: