Leiar
Informasjonen om inntekt, formue og skatt er open og tilgjengeleg for folk flest, og det er gode grunnar til at han skal vera det. Det vert fort synleg dersom det ikkje er samsvar mellom det ein har og det ein bidreg med til felleskassa. Når i praksis kven som helst kan undersøkja samanhengen mellom inntekt, formue og skatt, er det vanskelegare å juksa. På den måten kan offentlege skattelister vera med på å førebyggja økonomisk kriminalitet.
Opne skattelister kan både skapa tillit til, og opna for diskusjon om, korleis skattesystemet fungerer. Tillit viss ein ser at dei som har mest, bidreg mest. Diskusjon dersom det ikkje er tilfelle.
Hordaland og andre aviser publiserer lister over kven som har høgast inntekter og formuer, og kor mykje dei betaler i skatt. Listene gjev oversikt over kva personar og yrkesgrupper i samfunnet som tener mest, om dei på toppen dreg ytterlegare ifrå, og vil nok dessverre også i år stadfesta at menn i stor grad dominerer toppen av listene. Dette er informasjon som er høgst relevant i den alltid gåande debatten om fordelinga av ressursane i samfunnet.
Det vert ofte sagt at pengar er makt, og det er ikkje til å koma ifrå at folk som sit på store økonomiske ressursar kan ha makt til å påverka i større grad enn andre. I eit mindre lokalsamfunn er det difor relevant kven som tener og skattar mest.
Men hugs dette når du les skattelistene:
■ Summen i feltet for inntekt ikkje er einstydande med at det er dette personen har i løn frå si eiga bedrift eller ein arbeidsgjevar. Ja, løna er inkludert, men her kan også vera andre inntekter som leigeinntekter, renteinntekter, kapitalinntekter og sal av eigedom. Kort sagt alle skattepliktige inntekter. Merk også at frådrag som minstefrådrag og rentefrådrag er trekte frå i summen som står oppgjeven som inntekt.
■ Summen sortert under formue må som regel alltid lesast som noko anna enn pengar på konto. Dette er som regel ikkje pengar personen kan gå i banken og ta ut i dag, men er den skattemessige verdien av hus, hytter, bankinnskot, verdipapir og andre verdiar.
■ Summen sortert under skatt er enklare å lesa rett fram. Dette er det personen vart likna til å bidra med i fjor, inntektsskatt, trygdeavgift, toppskatt, formueskatt og all annan skatt.
Sjølv om skattelistene ikkje gjev heile biletet, gjev dei likevel eit viktig innblikk i korleis inntekter og skatt fordeler seg i ein kommune. Å ha openheit rundt denne type informasjon er både viktig og riktig i eit demokratisk samfunn der det er lagt opp til at alle skal bidra, etter evne, til fellesskapet.