Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er forståeleg at det kjem reaksjonar på at Hordaland innfører ein ekstra kostnad for abonnentar som bur utanfor avisa sitt dekningsområde. Når me no, i tråd med abonnementsvilkåra våre, legg på eit portotillegg for dei som ynskjer avisa i posten, handlar det om at kostnadane med å levera papiravisa utanfor dekningsområdet vårt har auka og me må gjera nokre grep.
Framover må difor abonnentar som bur i Vestland utanfor dekningsområdet vårt betala 500 kroner i eit årleg portotillegg. For abonnentar i resten av landet vert ekstrakostnaden 1000 kroner fordelt på eitt år. Sjølv om me legg på portotillegg, står me framleis i fare for å senda avisa med tap.
Det er gledeleg at mange vil lesa Hordaland når dei flyttar bort frå heimkommunen, og me håpar sjølvsagt det vil halda fram sånn. For mange kan det vera både enklare og rimelegare å gå over til eit reint digitalt abonnement i staden for å betala ekstra for å få papiravisa i posten.
I dei digitale abonnementa våre får du papiravisa som e-avis, samstundes som du til ei kvar tid kan halda deg oppdatert på nettavisa vår. Ved å endra abonnementet til +alt, får du no tilgang til over 70 aviser spreidd over heile landet, inkludert større aviser som BA og Nettavisen. Kanskje kan det vera eit alternativ for utflyttarar som både ynskjer å halda seg oppdatert på kva som skjer der dei bur no og på staden dei opphavleg kjem frå.