Ei jolehelsing i ei vanskeleg og uroleg tid med litt historisk tilbakeblikk:

Gamle Nils med Båbrua «Båbru-plasset» gret når han snakka om krigstida 1807-14 og sa «Gud bevare oss ifrao å fao slika tio atto so da va». Han var liten gut då. «Han sa og Å, Gud bevare deg kor me svolto».

Lars Kindem har skrive om ein mann i Viki ved Bulken som reiste til Bergen med den vesle sylvstasen han hadde, og noko lite kjøt for å byta til seg kornvarer, og han fekk tak i ei halv tynne med korn. Han drog henne på kjelke frå Bolstadøyri då der var is på Evangervatnet. Då han kom under Vete og såg heim, at der ikkje var ljos hjå folket sitt, då ottast han at dei var ihelsvoltne. Han skunda seg det han kunne, og då han kom inn i stova, låg kona og borna i sengene. Det einaste dei den dagen hadde ete, var ospebork kokt i noko mjølk. Dei var så trøytte og avkrefta at dei var ikkje gode til å gjera noko ting.

Dette er frå farne tider, men me lever av mat kvar og ein av oss, å styrkja det lokale jordbruket er og styrking av eksisterande liv. Mykje av tradisjonsmaten som no skal konsumerast i jola er med å halda oppe levande bygder og vakkert kulturlandskap for all framtid.

Bøndene sine organisasjonar i heradet ynskjer alle gode innbyggjarar ei god joletid i vente.

Bildeserie

Kjellaug (76) og Dagfinn (82) var svært nøgd med utvalet under årets Snjaopù-marknad