Julie Kvelvane var i ein eigen klasse, og slo til med siger i sin aller fyrste NM-start.

– Eg visste at det kunne bli medalje, og kanskje til og med siger, dersom eg klarte å løysa arbeidsoppgåvene mine i ståande på ein god måte. Det var fokuset mitt då eg kom inn til ståande. Fire treff er eg veldig nøgd med. Akkurat no skyt eg betre ståande enn liggjande, sjølv om det er fyrst no eg har byrja å skyta ståande i konkurransar, forklarar ho.

Ho konkluderer med at to bom var litt under pari i liggjande skyting.

Leia med neste eitt minutt

Kvelvane var storfavoritt, og innfridde i den fyrste konkurransen. Ho fekk lyftande sekundering og melding då ho gjekk ut frå sin andre og siste skyting.

NTG Geilo sine sekundantar kunne fortelja at ho leia med nesten eitt minutt.

Det var på det tidspunktet berre to kilometer igjen av løpet. Kvelvane forstod då at det skulle litt til for at det ikkje vart siger og gull.

Ho gjekk inn til klar leiing, og seinare klar siger, sjølv om det er litt meir utfordrande på rulleski enn vanlege ski.

Har trent veldig bra

Tenåringen frå Voss får utteljing for at ho har gjort ein god treningsjobb gjennom sommaren. No har ho flytta over fjellet, og går ved Noregs Toppidrettsgymnas på Geilo.

Det har ikkje Julie angra på, sjølv om det har vore mykje nytt å forholda seg til.

– Eg stortrivst på Geilo. Det er kjekt sosialt, og eg har kome inn i eit bra treningsmiljø. Det vil forhåpentlegvis vera med på å utvikla meg som skiskyttar, seier ho.

NM i rulleskiskyting held fram resten av helga.