— Medan spelarane jubla for opprykk, gjekk eg for meg sjølv og tenkte på Ola, seier Per Kristian Ødegaard. Sonen Ola var ein ivrig fotballspelar, men omkom i ei tragisk ulukke.

Ødegaard fortel om sorga. Og om all gleda fotballen har gjeve han.

På lag med Kniksen

67-åringen kan sjå tilbake på 279 A-kampar for Fbk Voss. Han var vore med på opprykk både som spelar og trenar for herrelaget og som trenar for damelaget.

Han fortel om oppturar og nedturar. Å ta steget opp til nivå tre, å slå Sogndal på bortebane. Å spela på lag med Roald "Kniksen" Jensen mot Chelsea var ei stor oppleving. Som trenar var eit høgdepunkt då damelaget kjempa om opprykk til høgaste nivå.

Med Drillo som lærar

Ødegaard hadde Egil Drillo Olsen som lærar. Korleis Drillo var i den rolla, kan du høyra i Eksperthaugen.