Like etter klokka 10.30 skjedde ei trafikkulukke i 80-sona på E16 i Vinjadalen. Både ambulande, politi og brannvesen rykte ut til ulukka.

– Det har vore ein kollisjon mellom to møtande køyretøy, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet meldte fyrst at det var ein front mot front-kollisjon, men opplyser etterpå at kollisjonen skjedde side mot side.

– Det skal ha vore fem personer til saman i bilane, med fire personar i ein bil, og ein førar i den andre. Airbagar vart utløyste, skriv politiet.

Dei involverte er medvitne

Ingen var fastklemde, og dei involverte var medvitne i fylgje politiet. Dei kom seg sjølv ut av køyretøya.

– Ingen var alvorleg skadde, sa Håvard Skattum ved Voss politistasjon til Hordaland.

Vegen var stengd i om lag 1,5 time, og det var manuell dirigering på staden før vegen opna att for fri ferdsle rundt klokka 12.

Det var lange køar i området i tida etter ulukka. Det var også svært glatt vegbane, opplyser politiet.

.