Kraftfondet i Voss herad får tysdag på bordet ei ekstrasak heilt utanom det vanlege.
Rådmannen i Voss herad er positiv, og føreslår at kraftfondet løyver eit tilskot på 1,967 millionar kroner til produksjonsselskapet for Kompani Lauritzen og Tropp.
I tillegg skal reiselivet på Voss og næringslivet på Voss gå inn med to tilsvarande partar økonomisk for å sikra Voss som framtidig arena for den attraktive fjernsynsserien.
Visit Voss har engasjert seg sterkt og teke initiativ overfor reiselivet, næringslivet generelt og Voss herad for å få innspelinga hit.
I alt må det stablast på beina 5,9 millionar kroner frå Voss si side for å hala det store innspelingsprosjektet i hamn.
Seks sesongar, tre år
Planen er å spela inn seks sesongar av Kompani Lauritzen og Tropp dei komande tre åra.
Dei to seriane vil då nytta Bømoen som base og heile regionen som leikegrind for alle aktivitetane.
Ifylgje rådmannen er det semje mellom produksjonsselskapet og Bømoen AS om å leiga Bømoen til innspeling av serien.
Det er likevel ingenting som er klart før avtalen er signert.
– Det er ingen avtale før avtalen er signert, og eg vil tru at dei kanskje også sonderer andre stader som aktuelle. Men me gjer alt me kan for å få avtalen i hamn for Voss sin del, seier Hans-Erik Ringkjøb, ordførar på Voss.
Kan få stor effekt
Det er han som har ført samtalen med produksjonsselskapet for TV 2. Til møtet i Kraftfondet tysdag, har rådmann Arild M. Steine utarbeidd ei positiv tilråding.
Rådmannen ventar at innspelinga på Voss får ein stor effekt for reiselivet, med potensielt svært mange besøkjande som vil sjå og oppleva stadene der TV-serien blir spelt inn.
– Denne satsinga må bli sett på som ei strategisk satsing og marknadsføring, konkluderer rådmannen.
Det er produksjonsselskapet for TV 2-seriane Kompani Lauritzen og Tropp som ser på Voss som ein aktuell base for programmet.
Positiv bodskap
Voss har tidlegare vore nytta i enkeltprogram i 71 grader nord og i Alt for Norge. I tillegg vart realityserien Kari Traa-leikane spelt inn her på Voss.
Dei fyrste sesongane av Kompani Lauritzen har vorte spelt inn på Setnesmoen leir i Romsdalen kommune. Visit Voss har blitt kontakta av produksjonsselskapet for Kompani Lauritzen og Tropp om Voss kunne vera aktuell base for programmet, når det no skal flytta.
Visit Voss ser stor verdi i om Voss vert den nye innspelingsplassen for Kompani Lauritzen og Tropp.
Kompani Lauritzen er eit «realitykonsept» med ein positiv bodskap som har skapt stort engasjement.
Meistring og utvikling
Deltakarane startar som rekruttar, som må læra seg militær disiplin og må gjennom tøffe militærøvingar.
– Trass i konkurransemomentet, handlar programmet i stor grad om personleg meistring og utvikling hjå dei enkelte deltakarane, opplyser rådmannen.
Ei gruppe unge vaksne som slit med å få orden på livet sitt, vert plukka ut til å delta i programmet. Til fyrste sesongen fekk TV 2 meir enn 3000 søkjarar til dei 12 plassane i konseptet.
Deltakarane i denne versjonen kjempar ikkje mot kvarandre, men mot seg sjølv, og for å bli ein betre versjon av seg sjølv
Rådmannen trekkjer fram at dei to seriane Kompani Lauritzen og Tropp begge er annleis realityprogram som spelar på personleg utvikling og meistring hjå deltakarane heller enn drama og intrigar.
Turar og turmål som er synt fram i dei fyrste programma i Rauma har fått ein stor auke i tal gjester, både frå lokale og tilreisande, noko som byggjer opp under lokal verdiskaping og god folkehelse.
Tidenes sjåarsuksess
Kompani Lauritzen er tidenes største sjåarsuksess på TV 2 og kvar sesong vert sett av nesten 2,4 millionar sjåarar, ifylgje tal frå TV 2. Populariteten til serien er udiskutabel, og Kompani Lauritzen er det mest sette helgekonseptet på TV 2 gjennom tidene.
– Med populariteten til Kompani Lauritzen og Tropp er det udiskutabelt at dette vil ha stor verdi for Voss. I fyrste omgang for reiselivet, men òg for næringslivet elles og for merksemda rundt heradet vårt. Det er ein direkte reiselivsreklame i serien, som i sendetid utgjer fleire titals millionar i rein reklameverdi, meiner rådmannen.
I tillegg vil dette bera frukter for resten av næringslivet gjennom produksjonen ved levering av varer og tenester.
– Bra for Bømoen og Voss
Bømoen leir er framleis ein intakt militærleir og såleis ideell for å kunne ta imot eit «kompani».
Det er ein leir med ei lang historie, ein leir med sjel og ein leir med mange freda bygningar.
– Å skapa nytt liv her vil vera eit viktig bidrag både på kort og lang sikt. Det vil få fram kvalitetane i leiren, men og rundt leiren og i området. Det vil såleis ha stor marknadsføringsverdi for framtidig utvikling av Bømoen.
I tillegg dreg ordførar Hans-Erik Ringkjøb fram positive samarbeidseffektar.
– Om me klarar å landa dette, må me skapa tett og godt samarbeid mellom ulike aktørar i bygda. Det omfattar både reiselivet, næringslivet, grunneigarane i Bømoen og Voss herad, seier Ringkjøb.
– Slik sett ligg det nærast eit oppdrag i Kompani Lauritzens ånd og ventar på oss, eit oppdrag der me gjennom eit samlande og positivt prosjekt med utgangspunkt i Bømoen, kjem ut som eit sterkare samla lag, seier ordføraren.