Gå til sidens hovedinnhold

Kristian Ystaas om jubelen på stadion 16. mai, cupgull og møtet med Kaká

Kristian Ystaas (39) ser tilbake på over 20 kampar for U21-landskampar, suksess i Sogndal og Brann, skaden som stoppa karrieren og han snakkar også om tida i Fbk Voss.

Ricardo Izecson dos Santos Leite, betre kjent som Kaká, er nok den beste spelaren Kristian Ystaas har møtt. Det skjedde då Noreg og Brasil spela 1—1 i U21-landskamp.

I nyaste episoden av podkasten Eksperthaugen møter journalist Ørjan Brattetveit og Fbk Voss guru vossingen som herja på Brann Stadion spesielt våren 2004. Då hadde 10-år gamle Sebastian Bolstad på seg Brann-drakt med Ystaas på ryggen.

Full fest på stadion

Ystaas spela ein halv sesong på Fbk Voss sitt A-lag. Så forsvann han til Sogndal og gjorde det sterkt i eliteserien. Etter nokre sesongar der gjekk han til Brann i 2004.

- Mitt fyrste mål kom på 16. mai mot Ham/Kam og Ståle Solbakken. Det var mot slutten av kampen og det tok heilt av på fullsette Brann Stadion.

Festen i Bergen då spelarane kom tilbake til Bergen med cupgull, gløymer han aldri.

- Det var surrealistisk!

Til 100 årsfesten

39-åringen bur i Rogaland, men fylgjer framleis med på Fbk Voss.

- Eg sjekkar resultat og høyrer fast på denne podkasten.

Og ja; Han har tenkt seg til 100 årsfesten til Fbk Voss laurdag.

Kommentarer til denne saken