8. mai-helsing frå Granvin kyrkje

Voss kyrkjelege fellesråd og Voss herad har laga ei helsing i høve 75-års jubileet for frigjeringa av Noreg.

Helsinga kan du sjå på veterandagen 8.mai 2020. Gudstenesta vert halden av prest Cato Torsvik. Innspelinga er gjort i Granvin kyrkje, der Voss Kantori framfører «Kongesongen» og «Ja vi elsker». Berit Oppheim syng «No rinner solen opp av østerlide», og Rannveig Djønne spelar «Djønno».

Gratulerar med frigjeringsdagen!