dei vert berre betre med åra.
dei vert berre betre med åra. Foto: Nils Kvamsdal

Aldrande gutar rir igjen

Vanlegvis er ikkje eldre menn og unge jenter ein særleg vellukka kombo. Det gjeld ikkje Uttrågata blueslag.

– Asle har akkurat dei same faktene som for førti år sidan! ropar Dag Helleve inn i øyra mitt. Klokka har passert midnatt, og Uttrågata blueslag – 14 kvinner og menn – driv stemninga i taket i Vossasalen. Med energisk 60- og 70-talssoul, ispedd noko «meir modernare» – som den same Asle Haaland seier det. Men han vedgår at det nok er ei stund sidan også dei nyaste låtane var ferskvare.

Bandet dundrar laus med Hey Mama, og så ber det vidare med Hold On, I’m Coming, Come On In, Soul Man, In The Midnight Hour, Unchain My Heart og så vidare – det reinaste perlekjedet for elskarar av soul.

Sjefen

For ein del år sidan var ikkje musikkprofessor og sologitarist Halldor Krogh så lett å lokka over langfjella for å spela, anten det var med Shades of Blues eller Uttrågata blueslag. Dette har endra seg radikalt. Ikkje berre har den drivande dyktige komponisten og arrangøren jobba som ein helt i mange månader for å laga sveisne blåsearr for ei fem-manns knallsterk blåserekkje og for tre koristar, nei, han lyser av speleglede og ekte entusiasme der han smiler breitt på scenekanten. Han har ingen ringare enn Kåre Kolve til å styra blåserekkja, og han er minst like blid som sjefen der han dirigerer rekkefyøgjen på kor og femstemt slik han likar det som best. Med seg har han Trond Remme og Areve Ovesen på trompet, og Aksel Røed og Michael Barnes på saksofonar.

Asle Haaland er det ingen som kan styra. Frå fyrste tone er handa på plass over øyra, Asle’n gjer sine små dansesteg, og mellom låtane tek han stadig ein tur bak til Steinar Røthe si stortromme – der han har plassert ein termos med rykande varm te og ei vaksen flaske med vatn. Alt som før, der i garden.

Litt gammal

Bassist Åge Røthe er ikledd ei svart t-skjorte med den kvite teksten Litt gammal. Men alderen tyngjer så visst ikkje. Åge er eit råskinn på bassen, og saman med stjerneduoen Ivar Kolve på perkusjon og Steinar Røthe held han kompet i gang med eit driv som mange ungdomar berre kan drøyma om. Bergensaren Tom Harry Halvorsen, ein av The Faboulus Five som var med i originalbandet for 40 år sidan, gyv laus på tangentane med reine Booker-T-energien.

Bandleiar og arrangør Halldor Krogh gliste frå øyra til øyra gjennom heile konserten.
Bandleiar og arrangør Halldor Krogh gliste frå øyra til øyra gjennom heile konserten. Foto: Nils Kvamsdal
Enkelte ting tyder på at åra går også for Tom Harry Halvorsen, og i dårleg sceneljos er det ikkje så enkelt å lesa notar.
Enkelte ting tyder på at åra går også for Tom Harry Halvorsen, og i dårleg sceneljos er det ikkje så enkelt å lesa notar. Foto: Nils Kvamsdal
Kåre Kolve (t.v.) skein om kapp med sola og fekk godt selskap av Are Ovesen og Trond Remme.
Kåre Kolve (t.v.) skein om kapp med sola og fekk godt selskap av Are Ovesen og Trond Remme. Foto: Nils Kvamsdal

Heilt ute på kanten står det tre som er heilt i andre enden av aldersskalaen. Oda Eirin Almeland, Emily Jane Seaby og Katarzyna Marta Sikorska korar som gudinner og lyfter lydbiletet i heile «storbandet» opp fleire knepp. Og dei smiler kanskje meir enn resten av bandet til saman. Dette er moro!

Dansing

Sjølv om arrangøren har rydda dansegolv framme ved scena, er det berre nokre einslege svaler som testar ut dansefoten før Uttrågata kjrm på scena. Men då er det stadig fleire som finn det umogleg å sitja i ro. På slutten av kvelden ver det godt med folk, både i salen og på dansegolvet, og folket vil ikkje sleppa Asle & Co fordi om dei har «brukt opp» sine 12 innøvde låtar. Dermed dreg dei opp att opningsnummeret og avrundar kvelden med Hey Mama.