Gå til sidens hovedinnhold

Ber for dei gamle vegane i ny kulturplan

Artikkelen er over 7 år gammel

KULTURPLAN: I samband med at Voss kommune skal få sin aller fyrste kulturplan, har kommunalsjefen for kultur oppmoda flest mogleg om å koma med innspel til ein slik plan.

Aslak L. Helleve har teke kommunalsjefen på ordet og slår til lyd for at varetaking av dei gamle «tjodvegane» – mellomaldervegane – på Voss skal få sin plass i ein slik plan.

«Vegane er truga, mest av gløymsle, men òg av ymis moderne utbygging», skriv Helleve i sitt innspel.

Han ser føre seg at vegane både skal vernast og brukast. Eldsjeler kan ta seg av merking og vedlikehald, men vern mot moglege inngrep meiner Helleve er ei kommunal oppgåve.

Han har sendt kopi av sitt innspel til Voss sogelag ved leiaren.

Kommentarer til denne saken