Sjå konsert frå Ulvik!

Det rocka på brygga i Ulvik i kveld! Du kan sjå opptak frå Sail In konserten her hjå oss.

Heine Totland med band, Uncle Bennys Bulding Supplies Band frå Myrkdalen og Vossarebels var blant artistane på Hardangersus, som reklamerer for seg sjølve med å vera det einaste båtarrangementet i Hardanger i 2020.

Positiv ringverknad

– Folk i bygda er veldig positive, fortel Karna Hjelmevold, arrangementsansvarleg og leiar for Hardangersus-festivalen.

– Arrangementet kjem til å få ein positiv ringverknad for resten av bedriftene i Ulvik, trur Karna.