Agnes Ravatn, Ruth Lillegraven, Lisa Aisato og Siri Pettersen.
Agnes Ravatn, Ruth Lillegraven, Lisa Aisato og Siri Pettersen. Foto: Rose Marie Christiansen.

Bokbloggarane elskar Urd

Ruth Lillegraven fekk Bokbloggarprisen 2014 i open klasse for diktsamlinga Urd. Også i romanklassen vann ein nynorskforfattar, Agnes Ravatn, med Fugletribunalet.

- At to nynorskbøker vann er utruleg stort. Og uventa, seier Lillegraven. Prisen vart delt ut i kantina til Aschehoug forlag laurdag, under Bokbloggartreffet under Oslo Bokfestival.

- Eg er skikkeleg glad og litt rørt av å få denne prisen. For denne prisen er det vanlege lesarar som står bak, seier Lillegraven. Og ho rosar bokbloggarane:

- At ei nynorsk diktsamling vinn open klasse og at ein nynorsk forfattar også vinn i romanklassen, syner at bokbloggarane er interessert i mykje meir enn berre krim - slik dei ofte har vorte kritiserte for.

Ny pris

Det er fyrste gong at denne prisen er delt ut under bokbloggartreffet. Det vart fyrst nominert 78 bøker i open klasse og 67 bøker i romanklassen. Til slutt var det tre nominerte i kvar klasse. Og bokbloggarane arrangert samlesingar av dei nominerte bøkene før den endelege røystinga.

Dei nominerte i open roman klassen var i tillegg til vinnaren desse: Roy Jacobsen med De usynlige og Herbjørg Wassmo med Disse øyeblikk. I open klasse hadde Lillegraven konkurranse frå Lisa Aisato med Fugl og Siri Pettersen med Odinsbarn. Prisen er heider og ære, og eit hefte der bloggarane har samla det dei har skrive om vinnarane.

Stille som Seselja

Line Tidemann, som er mellom initiativtakarane til prisen, sa dette om Urd under prisutdelinga:

- Med diktsamlinga Urd har Ruth Lillegraven skreve seg inn i norsk bokblogghistorie. Dikt er elles ikkje overrepresentert på norske bokbloggar, men bokbloggarane vegrar seg nok meir for å skrive om dikt, enn for å lesa dikt. For Ruth Lillegraven har vunne den eine bokbloggaren etter den andre, og dette har ho gjort like stillferdig og solid som karakteren hennar Seselja går gjennom livet.

Medvind

Bokkbloggarprisen er den tredje prisen forfattaren frå Granvin har vunne. I 2012 fekk ho Sokneprest Alfred Anderssons-Ryssts fond. Og i fjor vann ho den prestisjetunge Brageprisen, også den prisen for Urd. I desse dagar har ho stor suksess med diktsamlinga Manillahallen. Gode bokomtaler, treningkast 5 i VG og nytt opplag under trykking.

- Det er sjølvsagt kjekt å få prisar og å lesa gode bokmeldingar i avisene. Men det aller kjekkaste er å sitja å skriva i fred og ro. Lukkelegvis er det slik enno, seier Ruth Lillegraven.