Gå til sidens hovedinnhold

Den beste jolegåva

Artikkelen er over 7 år gammel

Kva gjer det om jolegåva kjem fire månader og ein dag for seint, når gåva er ein konsert frå sonen i huset?

– Eg har skrive ein del musikk gjennom fleire år, som eg aldri har fått synt familien, så sist jol fann eg ut at dette måtte verta gåva frå meg.

22 år gamle Gaute Ullestad Moen har vore jazztrommis sidan Voss jazzskule tok til i 2007. No er han fyrsteårs bachelorstudent på høgskulen i Levanger.

Målet er å verta faglærar i musikk, og aller helst vil han kombinera lærarjobben med det å vera utøvande musikar.

– Eg kallar det jazz – ny melodisk musikk med jazz som utgangspunkt. Noko er litt balladeprega, noko er litt meir spenstig.

Surapalen

Til jolegåvekonserten Gaute skal ha på Kringsjå fredag, har han med seg tre gode musikarvener.

– Me kallar oss Surapalen. Det er eit slags kollektiv, eg trur ikkje me har hatt same mannskapet to gonger på rad. Eg tykte Surapalen var eit ok namn, betre enn søtapalen i alle fall!

I denne utgåva av Surapalen er vossingen Arne Fjose Sandberg bassist, Sander Eriksen Nordahl gitarist og Sivert Skavlan på cello og klarinett. Erksen Nordahl gjekk på folkehøgskule saman med Gaute, medan Skavlan – som ikkje er i slekt med sine meir kjende namnesysken – er eit nyare kjennskap.

– Alle tre sa ja med ein gong, og då var det berre å klemma til. Det vert ikkje nokon vokalist med denne gongen, det får verta neste gong – seier Gaute, som vonar det kan verta fleire speleoppdrag både på heimebane og elles. Jolajazzen neste, kanskje?

Osafestivalen

Gaute Ullestad Moen er ikkje noko heilt uskrive blad i det lokale musikklivet. Heilt i starten av tida som elev på Voss jazzskule var han med i bandet Hard Science.

Sidan vart det Improvision. Og i 2010 var han med på eit crossover-prosjekt under Osafestivalen, saman med Håkon Kornstad, Arne Fjose Sandberg, Kari Malmanger og Anders Hall.

Ettersom det er tale om ei jolegåve, er konserten gratis for alle.

– Eg skal laga skikkelege pappbillettar til familien, men elles kjem alle gratis inn, seier Gaute.

Han er midt oppe i travle dagar. Fyrste påskedag måtte han til Levanger att for å gjera unna eit skuleprosjekt, så bar det attende til Voss for konserten fredag kveld, og så vender han nasa nordover nok ein gong. Snart er det eksamenstid og sju eksamenar – tre praktiske og fire teoretiske – for bachelorstudent Ullestad Moen.

Kommentarer til denne saken