Finn Tokvam (t.v.) og Ragnar Hovland er begge mellom våre mest folkekjære humoristar. Dei var i si tid også skaparar av Pappvinfestivalen, på muren nedanfor Park. Men pappvinen på bordet mellom dei fekk stå i fred.
Finn Tokvam (t.v.) og Ragnar Hovland er begge mellom våre mest folkekjære humoristar. Dei var i si tid også skaparar av Pappvinfestivalen, på muren nedanfor Park. Men pappvinen på bordet mellom dei fekk stå i fred. Foto: Nils Kvamsdal

Dissekerte humoren

Var vikingane dei fyrste norske humoristane?

Ragnar Hovland meinte i alle fall at dei fyrste skriftlege spora etter norsk humor finst i Snorre, då han og Finn Tokvam aslutta Den intellektuelle countryfestivalen med ein alvorsprat om norsk humor.

Vikingane sin humor var, venteleg nok nokså hardbalen og rå, både i ord og handling. Og ofte var humoren knytt til brå og valdeleg død.

Ikkje kjekt

– Ditta kjem ikkje te’ å verta kjekt! utbasunerte Finn Tokvam då han og Ragnar Hovland slo seg ned i lenestolane på scenekanten i den forminska Vossasalen.

Han og Hovland hadde sett føre seg kaféstemning og vart litt motlause då dei oppdaga at tilstrøyminga var så pass at hendinga var lagt til storstova.

Men det tok ikkje lang tid før Tokvam og Hovland hadde gjort dei orda til skamme.

Det skulle ikkje meir enn tre politisk ukorrekte vitsar litt over kanten, før publikum var i modus.

Humørlause

– Mange har prøvd å definera kva humor er. Felles for dei alle er at dei manglar humoristisk sans og skriv frykteleg keisame bøker om emnet, hevda Ragnar Hovland.

Etter å ha sett på humor i historisk perspektiv, konkluderte tospannet med at slett ikkje all humor har tålt tida like godt. Tokvam slo mellom anna fast at Arve Opsahl var motsatsen til Wesensteen.

– Opsahl var edru og spelte full, medan Wesensteen var kanon og prøvde å framstå som edru, var Finn sin nokså uærbødige påstand.

Folkeleg

Dei to drøfta også kva som særmerkjer den gode humoren. At noko er sant, om enn utruleg, skaper ofte humor. Like eins dei uventa og jamvel absurde innslaga. Munnleg forteljarkunst like eins. Også den ukorrekte humoren fengjer. Kva som er ukorrekt endrar seg med tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ute på bygdene er humoren ofte annleis enn i byane. Bygdeoriginalane har vore kjelde til mang ein god lått, på godt og gale. Ein god nabokrangel er heller ikkje å forakta, og i fylgje Tokvam er det få ting som kan gleda meir enn at det går skikkeleg ille for naboen.

– Det ligg mykje god humor i å jævlast! slo flåmingen fast. Før han gav døme, både med og utan innspelt lyd, på god bygdehumor.

Opplesing

Både Finn og Ragnar er opphav til tallause humoristiske tekstar, og det vart tid til litt opplesing òg. Noko av det folk lo mest av var Tokvam sin tekst om den tidlegare Stones-bassisten Bill Wyman sine innfløkte familieband, den gongen han gifta seg med ei langt yngre jente – medan sonen til Wyman slo kloa i mora til brura. Kva dette kunne ha resultert i av forviklingar dersom begge para hadde «øksla» seg, er så absurd at det må vera sant.

Om det er sant, veit me ikkje, men Finn Tokvam fyrde i alle fall av fylgjande ukorrekte sitat:

– Eg tok ei dama på tattane på seksitale, å eg angra endao pao at eg ikkje tok tå meg vottane!