NETTKONSERT: Onsdag kveld strøymar Hordaland nettkonsert med Trine Duesund Urne (t.v.) og Helle Karlsdottir i Dumpster Divas. Inntektene som kjem inn på Vipps, går til Kulturaukefondet. Biletet er frå ein konsert i fjor sommar på Tre Brør på Voss. Foto: Bjørn Sandnes

Dumpster Divas klare igjen - no blir det nettkonsert

Onsdag kveld får me høyra og sjå Dumpster Divas på nettkonsert på nettavisa til Hordaland.

Konserten vert arrangert av Kulturaukefondet saman med Hordaland og Voss lyd, og er til inntekt for Kulturaukefondet.

Divaene skulle eigentleg spela nettkonsert i fyrste veka i mai, men måtte utsetja på grunn av sjukdom.

Konserten vert òg strøyma på Facebook-sidene til Kulturaukefondet og Dumpster Divas.

Protestplate

I førre veke lanserte duoen den fyrste delen av protestplata dei har laga.

– Me har no lansert dei fem låtane som skal vera på A-sida på plata. Til hausten håpar me å lansera resten, og då vil plata òg bli tilgjengeleg på CD og vinyl, seier Trine Duesund Urne.

Ho utgjer duoen saman med Helle Karlsdottir.

Urne fortel at dei sjølvsagt skal spela dei fem låtane som kjem på A-sida av plata.

– Me skal òg spela låtar frå vårt vanlege repertoar, og me har øvd inn ein ny coverlåt som passar veldig godt i desse koronatidene, seier Trine Duesund Urne.

Dumpster Divas har med seg Einar Olsson på trommer og Tor Erik Bye på bass.

Les også
Spelte inn nye titusenar til Kulturaukefondet
Les også
Nettkonsertar på Hordaland for å støtta det lokale kulturlivet