Gå til sidens hovedinnhold

Eit kyss til Hardanger

Artikkelen er over 7 år gammel

Mellom brua, fjorden og fjella skal leppene til Unni Askeland pryda landskapet. Helst til evig tid.

Det nasjonalromantiske området ved Bu, på Ullensvang-sida av Hardangerbrua, trekkjer mange til seg. Herfrå kan du sjå mykje natur, og utsikten er som eit postkort. Snart vil det dukka opp ei brytning i landskapet - eit skilt med to store, opne, raude lepper i refleksmateriale.

– Eg vil gå inn og forstyrra. Eg er jo den typen, seier Unni Askeland og ler.

Vatnet og tidas elv

Totalt 22 kunstnarar skal setta sitt spor på Hardanger i forbindelse med prosjektet «Mellom himmel og fjord – SJÅ». Det er fire område som er sett av til prosjektet – i Mælen, Nordheimsund, Utne og ved Hardangerbrua – og kunstnarane får i stor grad velja sjølv kor dei vil plassera kunsten sin.

Unni Askeland visste frå starten av kor ho måtte ha sitt prosjekt.

– Det var jo sjølvsagt at det måtte verta ved Hardangerbrua, det er ein av dei vakraste bruene eg veit om. I tillegg så heiter prosjektet mitt «A Lot of Water Under the Bridge» og dette er perfekt plassering for å symbolisera tida. Ein har vatnet som renn og brua. Det er nokså tydeleg, men ikkje overforklart, seier ho.

– Kyss til heile Noreg

Kysset har vorte varemerket hennar og ho har tidlegare designa

refleks for Trygg Trafikk. Kysset ho no skal laga ved Hardangerbrua vert audiovisuelt. Idet ein nærmar seg munnen skal nemleg songen «As Time Goes By», frå filmklassikaren «Casablanca», spelast av.

– Det er tenkt som ein gene­røsitet, eit kyss, frå meg. Eit kyss til Hardanger og til heile Noreg. Det er jo til deg, han, ho, til alle. Eg håper folk går bort og byrjar å tenka når musikken kjem på. Kanskje dei får lyst å kyssa. Men så er det også veldig ulikt korleis folk vil oppleva kysset. Born vil kanskje synast det er gøy, medan eldre kanskje vert nostalgiske. Ein har fyrste kyss og siste kyss, seier Askeland.

Ho håpar at det vert stort nok til at folk kan sjå det frå brua, og ho har også eit håp om at dei får støtte til å la det stå der permanent.

– Inn i ikonet

Solfrid Aksnes frå Harding Puls er svært nøgd med prosjektet og likar måten dei får ta i bruk naturområda på.

– Me brukar naturen på ein ny måte, og Hardanger er eit ikon for nasjonalromantikken. Tidlegare reiste nasjonalromantikarane til Düsseldorf for å fullføra verka basert på naturen her, men no går me direkte inn i dette ikonet og gjennomfører kunstprosjekta våre her, seier ho.

Dei 22 kunstnarane som deltek i prosjektet har svært ulike idear og metodar for verka sine.

200 meter opp for kunsten

Gitte Sætre er av dei som strekk seg ekstra langt for kunsten. Ho går fram og tilbake i området kunstnarane har å boltra seg på, og etter ei stund med synfaring har ho bestemt seg.

– Eg vil gjera kunsten min i toppen av det eine brutårnet på Hardangerbrua. Det er heile 200 meter opp dit, så eg må nok jobba litt med høgdeskrekken. Men litt av prosjektet er jo at ein skal kunne kjenna det sjølv, forklarer Sætre.

Ho har gjennom ulike prosjekt vaska gjenstandar i ulike stader i verda, og det er dette ho også tenkjer å gjere på toppen av Hardangerbrua. Gjennom opninga vil ho difor stå på toppen og vaska, om ho får lov å gjennomføra kunsten slik ho ynskjer. Sætre meiner at både sjølve vaskinga og brua er svært symbolske, men ho vil ikkje legga nokre føringar på korleis publikum skal tolka kunsten hennar.

Kommentarer til denne saken