«Snøkvit - the musical», er namnet på den femte oppsetjinga til barneteateret i Modalen.
«Snøkvit - the musical», er namnet på den femte oppsetjinga til barneteateret i Modalen. Foto: Modalen barneteater

Får Snøkvit prinsen?

Modalen Barneteater byr inn til framsyning nok ein gong, barneteateret si femte oppsetjing frå oppstarten i 2013.

Framsyninga finn stad fyrstkomande sundag, melder Kristin Helgadottir Meiling. Ho er leiar for Modalen Barneteater.

Snøkvit

– På plakaten står «Snøkvit – the musical» og skodespelarane kjem frå Modalen og næraste områda, denne gongen med ein flott gjeng frå Stamnes og Romarheim som tilskot, seier ho.

Modalen Barneteater gjev som vanleg alt. Og barneteateret har sjølvsagt gjort eventyret til sitt eige, i kjend stil.

Karakterane

– Det vert ei sjalu dronning og den magiske spegelen hennar, dei ikkje så altfor trufaste tenarane, ein prins og den gode venen hans, den (altfor) snille jegeren, særs ustrukturerte dvergar, for ikkje å gløyma sjølve hovudpersonen og den vene og vakre Snøkvit med dei beste venene sine, dyra i skogen, skriv Helgadottir Meiling.

Får Snøkvit prinsen?

Dyra gjer sjølvsagt kva som helst for sin store helt, til og med rydda til dans. Og det seier det meste.

Det aller største spørsmålet er likevel om Snøkvit får prinsen sin.

– Kom og sjå sjølve, på Bryggjeslottet fyrstkomande sundag, er oppmodinga frå barneteateret.