Anders Mulder fekk laks for aller fyrste gong i Daleelva laurdag, ein fin fisk på vel sju kg.
Anders Mulder fekk laks for aller fyrste gong i Daleelva laurdag, ein fin fisk på vel sju kg. Foto: Magnus Heggø Kalleklev

Fekk laks for aller fyrste gong

Anders Mulder (16) hadde ei stor oppleving i Daleelva laurdag, då fekk han laks for aller fyrste gong, ein fin ein på vel sju kilo.

– Det var skikkeleg moro å få ein slik stor ein på kroken. Eg har forresten aldri fått laks før, seier Mulder.

Ville ikkje ta livet av fisken

Eigentleg var han saman med ein kompis på hytte i Bergsdalen denne helga.

– Eg har altså fiska her før, seier han forklarande.

Han har nok klart i minnet korleis det var å få ein slik stor fisk på stong, teken på skei, seier han.

– Men eg hadde då ikkje hjarte til å ta livet av ein så fin fisk som dette, så eg gav han vidare til klekkeriet her, seier han.

Anders Mulder tok laksen på stong, og brukte ei skei, fortel han.
Anders Mulder tok laksen på stong, og brukte ei skei, fortel han. Foto: Jan-Egil Dyvik
Det var heilt passeleg med vatn i Daleelva for godt fiske laurdag.
Det var heilt passeleg med vatn i Daleelva for godt fiske laurdag. Foto: Jan-Egil Dyvik
Anders Mulder og leiar i Dale jakt- og fiskarlag, Inge Sandven, saman framfor karet der storfiske til Anders går.
Anders Mulder og leiar i Dale jakt- og fiskarlag, Inge Sandven, saman framfor karet der storfiske til Anders går. Foto: Jan-Egil Dyvik

Glad for levande fisk

Inge Sandven er leiar i Dale jakt- og fiskarlag, som stod for den opne fiskedagen i elva, arrangert i villaksens år.

– Me er sjølvsagt svært glade for slike «gåver» som dette. No går fisken saman med fleire andre i eit kar, seier han og viser veg.

Her får Anders og kompisen og me andre sjå fiskane som går i ring nede i karet, og som samstundes er som ein garanti for at det kjem endå meir fisk tilbake i elva i framtida.

– Det er nok ein fisk herifrå, ja, det er eg rimeleg sikker på. Feittfinneklypt er han også, seier Sandven.

God sesong

46 personar deltok på den opne fiskedagen, Sandven kunne gjerne ha ynskt at det kom fleire og prøvde fiskelukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fangsten vart denne gongen seks laksar og tre sjøaurar. Mulder sin var rundt 90 cm, og me brukar ein tabell som tilseier at ein slik fisk veg rundt 7,1 kg, seier Sandven.

Det var største fangsten denne dagen. Sesongen i Daleelva karakteriserer Sandven som god, og den vert avslutta 15. i denne.

– Det vart også landa meir fisk i år enn i fjor på den opne fiskedagen. I fjor vart det fire laksar og to sjøaurar, legg han til.

Andeslepp

Som vanleg var også Dale Musikkforening med og sette ei fin musikalsk ramme rundt arrangementet, der dei også spela til fiskarane utanfor klekkeriet.

Musikkforeininga skipa også til andeslepp. og det vart delt ut heile 14.000 kr i ulike premiar.

Fyrsteprisen fekk Ann Irene Norum Dyvik, på 8000 kr, går det fram av FB-sida til musikkforeininga.