UTE PÅ SETT: Stefan Witts frå Voss jobbar med film. No skal eine filmen hans synast fram under ei rekkje internasjonale filmfestivalar. Foto: Rory Sagstad

Filmen til Stefan Witts frå Voss skal visast i over 40 land

I sommar laga Stefan Witts (27) frå Voss filmen «Trustfall» i samband med Ekstremsportveko. No syner han fram filmen sin over heile verda.

– Det er veldig kjekt å få vist den fram, seier Witts.

Han skal no syna fram filmen til ei rekkje filmfestivalar, mellom anna BANFF i Canada, som tek med seg filmen på verdsturné i over 40 land dei neste tre åra.

Gjæv festival

«Trustfall» har alt henta inn ein pris under italienske Reale Filmfestival, før den om eit par veker skal til Bergen internasjonale filmfestival (BIFF), og kjempa i kategorien «Kortreist dokumentar».

– Eg ser på BIFF som min heimfestival. Eg har mykje kjærleik for den festivalen.

I neste månad er det filmfestivalen i Canada som står for tur.

– «BANFF mountain film & book festival» er godt anerkjent innan fjellfilm. Nokre av mine største idol har vore på denne festivalen, så det vert nesten litt nervepirrande, fortel Witts.

STAS: – Å få vist fram filmen på festivalar er jo ei stadfesting av det eg driv med, seier Witts. Foto: Marit Folkedal Lussand

Idola han siktar til er filmskaparane bak den prisvinnande klatre-dokumentaren «Free solo» (2018) av Elizabeth Chai Vasarhelyi og Jimmy Chin, som mellom anna stakk av med ein Oscarstatuett i 2019.

– «Trustfall» trekkjer mykje inspirasjon av «Free solo». Dei er veldig store i «gamet», så dette betyr mykje for meg. Under BANFF skal filmen dela eit spennande program, mellom anna med syklisten Danny McAskill sin nye film.

Vil formidla noko ekte

Filmen handlar om eit paret Amber Forte og Espen Fadnes som hoppar med vingedrakt i lag frå ein fjellvegg i Gudvangen, ei rutine dei skulle utøva på verdsmeisterskapet ein månad seinare, der dei då hoppar frå fly med ope luftrom og dobbelt så stort tidsrom.

For at hoppet deira skal gå bra, må dei ha full tillit til kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

«TRUSTFALL»: Stillbilete frå «Trustfall» med Amber Forte og Espen Fadnes. Foto: Stefan Witts

– Det eg synest var spennande med produksjonen var å utforska livsstilen til Espen og Amber i eit slikt unikt forhold dei har, og korleis dei legg liva sine i kvarandre sine hender, seier filmskaparen.

Film har interessert han i mange år. Det byrja fyrst med at han lagde skifilmar av vener, og sidan har han gått to år på filmskule.

No jobbar han med nokre eigenproduserte filmar, samt andre film- og tv-produksjonar.

KONTORET: – Som person uttrykkjer eg meg heller lite i kvardagen, men i film får eg betre til å fortelja noko. Foto: Privat

Fleire prosjekt på tapetet

Då Hordaland møter han, sit han og jobbar med eit anna prosjekt. Han klippar ein film han lagar om Eva Netland som jiu jitsu-utøvar.

– I denne filmen er det også ikkje berre sporten som er i fokus, men den handlar og mykje om heime- og kvardagslivet. Eg ynskjer heile tida å visa det som er ekte.

Han fortel at det er via film han uttrykkjer seg best.

– Som person uttrykkjer eg meg heller lite i kvardagen, men i film får eg betre til å fortelja noko. Og eg synest det er veldig kjekt å få fortelja andre sine historier på film.

– Og draumeprosjektet?

– Synest det er veldig vanskeleg å plukka ut noko som eit draumeprosjekt per no, men akkurat no er det ein kunstløpdokumentar eg har størst ambisjonar med. Noko anna enn det vert for tidleg å avsløra noko meir om.

Les også
Thale Persen klar med ny film basert på bøkene til Jørn Lier Horst
Les også
Heidra Helge Bergo i teaterførestilling: – Rørande