Gå til sidens hovedinnhold

Filmskatt og kritikarfavoritt på Haugesenteret

Artikkelen er over 7 år gammel

Verdas poesidag er bakgrunnen for at ein fredag både kan oppleva eit møte med Kjersti Annesdotter Skomsvold og sjå ein filmgodbit frå arkivet, med Olav H. Hauge.

Dagleg leiar ved Haugesenteret Geir Netland håpar at publikum nyttar sjansen til å få med seg både film og forfattar, denne kvelden.

Men det er også mogeleg å velja, mellom filmen i heradsstyresalen, og forfattarmøtet i Den grøne kafé, litt seinare.

Kjersti Annesdotter Skomsvold stiller til ein litterær samtale med Jan H. Landro. Skomsvold har ifylgje bokmeldarar etablert seg som ein av dei mest spennande nye forfattarane i landet. I fjor gav ho ut diktboka «Litt trist matematikk».

Tidlegare har ho gjeve ut romanane «Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg», og «Monstermenneske».

Samlar fleire tema

I debuten som lyrikar har ho skrive ein sorgsong om sjuke Lasarus, Lilith som er redd for å døy og Abel som toler dårleg at ting blir gjort bak ryggen på han.

Bokmeldarar har rosa ho mellom anna for evna til å få ei rekkje tema til å passa godt saman i boka. Som romanforfattar har Kjersti Annesdotter Skomsvold nådd langt ut over landegrensene, ifylgje formidlar ved Haugesenteret Guro Ljone. Debutboka «Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg» gav ho Vesaas-prisen, og er no selt til omsetjing til 23 språk.

Boka er også dramatisert, og vil verta framført på Nationaltheatret i vår. Romanen «Monstermenneske» handlar om hennar eigen ME-sjukdom, og har også vorte nominert til fleire prisar.

Haugesenteret ser fram til ein fin samtale mellom forfattaren og kulturjournalisten Landro.

40 år gamal skatt

Filmskatten som vert vist som opptakt til forfattarmøtet er ein presentasjon av Olav H. Hauge laga av Den Norske Bokklubben i 1974. Haugesenteret har digitalisert filmen, og har avtale om korleis materialet kan brukast.

Deler av filmen vil verta brukt i den nye utstillinga som er under oppbygging ved senteret, opplyser Geir Netland.

– Filmen har ikkje vorte vist sidan 1975, sist gong truleg under festspela i Bergen då Hauge var festspeldiktar. Det er mange som kan vera nyfikne på denne no, tipsar Netland.

Den 22 minuttar lange filmen viser Olav H. Hauge frå tidleg 70- tal, det er med scenar frå Ulvik, og diktaren framfører fleire av dikta sine, nemner Netland.

Filmen «Grønt ved fjorden» vart spela inn i juni 1974 og er redigert av Erik Solbakken.

Kommentarer til denne saken