"Avatar" og "The Hunger Games".

I enden av den 3,4 kilometer lange Modalstunnelen blinka ljoset raudt måndag, og politiet er på plass, seier eit augevitne som skulle køyra gjennom tunnelen.

Aksel Hennie i tunnelen

På Modalen kommune si heimeside står det at tunnelen vert stengd i 30 minutt om gongen, frå 09.00 til 17.00.

Kva skjer? Jau, delar av den nye filmen "Pioneer", med premiere neste år, vert spela inn i Modalstunnelen. Aksel Hennie, som har ei av hovudrollene i filmen, skal vera på plass inni tunnelen saman med eit filmcrew.

Også Wes Bentley (kjent frå "American Beauty" og "The Hunger Games") og Stephen Lang (kjent frå "Avatar") spelar i filmen. Om dei òg er med på Modalsturen, er ikkje kjent.

Thriller om oljeeventyret

"Pioneer" er ein thriller som handlar om starten på det norske oljeeventyret.

Filmskaparane har fått løyve frå både Vegvesenet og politiet til å filma i tunnelen.