Gå til sidens hovedinnhold

Flott start på helga

Artikkelen er over 7 år gammel

Ei rekkje konsertar står på programmet i vossebygda, og i Kulturhuset drog Voss Musikklag og VosSing konserthelga i gang på ein veldig fin måte.

Bond. James Bond! Ingen ringare stod på programmet i kultursalen, der Voss Musikklag og VosSing blåste, song og dansa inn helga med ein flott konsert fredag kveld. Ein del av høgdepunkta frå den store rekkja av Bond-filmar drog opp stemninga. Det gjorde også ei flott og livleg framføring av alle som var i aksjon på scena.

Det starta med Dr No frå 1962, med Sean Connery på lerretet bak musikarane og songarane. Deretter kom dei store låtane på rekkje og rad, Thunderball med Stine G. Lid som solist, og Diamonds Are Forever med Sigrid Rekve.

Også Kristina Lekve, Kristine B. Sæve, Kirsti Skjervheim og Oddbjørn Rong Slåtten gjorde gode solistinnslag som alle sette det talrike publikumet i fin helgestemning.

Eitt av dei beste innslaga var nok «Live And Let Die» med koret, og sjølvaste Roger Moore på filmlerretet bak artistane.

Fredag kveld var det også konsert på Ringheim kafé der Voss Viseklubb presenterte countrybandet The Northern Belle. Laurdag presenterer Voss Jazzklubb Don Byron Quartet i Gamle Voss kino. Samarbeidskonsertar med Evanger Musikklag og Orkesteret Fossegrimen er det også; laurdag i Dalehallen og sundag i Voss kino.

Alt i alt mykje god konsertmusikk å sjå fram til denne helga for dei som vil nytta sjansen!

Kommentarer til denne saken