Gå til sidens hovedinnhold

Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Artikkelen er over 10 år gammel

Professorane sette løgndetektor på Knausgård og Hauge. Vigdis Hjort fekk hundre norsklærarar til å flyga. Vossaseminaret hadde hovudtema «Dikting og røyndom».

Det sjuande Vossaseminaret gjekk føre seg på Park Hotel Vossevangen onsdag og torsdag, og forfylgde denne gongen eit tema som har interessert lesarar til alle tider: Kva er sant og kva er usant i ein roman?

Eit sterkt lag av forelesarar var henta frå universiteta i Bergen og Oslo. I tillegg var forfattarane Marit Eikemo og Vigdis Hjorth høgde-punkt. Musikklinja på Voss gymnas hausta fagnad for både vokale og instrumentale innslag.

Å dikta eit liv

I foredragstittelen til førsteamanue-sis Eirik Vassenden stod det: «Eit forsøk på å lese Olav H. Hauges roman Dagbok 1924-94.»

– Eg meiner nok ikkje teknisk sett at Hauge sine dagbøker er ein roman, sa Vassenden, men litteraturvitaren stilte spørsmål ved i kva grad ein kan lesa teksten som sann framstilling av røynda.

10. juli 1980 skriv Olav H. Hauge: «EIN ER FERDIG Universitetsbiblioteket er på jakt etter dei brevlappane ein har skrive. Dei reknar med at ein snart skal vera daud.» På dette tidspunktet må Hauge ha innsett at hans personelege skriveri vil verta mangfaldiggjort. Kor lenge hadde han hatt det slik? På kva side i dagbøkene finst eit slikt skilje, og er det merkbart? Då Hauge døydde, hadde han lagt dagbøkene sirleg fram. Inneheld dei den endelege iscenesetjinga av hans liv?

Å tena pengar på krise

Det mest spektakulære foredraget under Vossaseminaret stod Vigdis Hjorth for. Ho baud på seg sjølv, slik ho også gjer i forfattarskapen sin.

– Eg lærte tidleg at ulukke sel. Best skriv eg når eg har det ille. For å tena pengar, hamnar eg stadig i psykologiske grensetilstandar. Men skriving er ikkje terapi. Då ville forfattarane vore friske, og det er dei jo ikkje.