Gå til sidens hovedinnhold

Fyller Operaen med folkemusikk

Artikkelen er over 7 år gammel

Meistrane i norsk folkemusikk og folkedans skal innta Operaen i Oslo seinhaustes. Kappleik og festival avgjer kven som står på scenen.

For fyrste gong skal eit utval av alle meistrane som vert kåra i spel, dans og kveding gjennom sommaren, møtast i ei eiga festframsyning i Operaen. Kvart år er tusenvis av utøvarar samla for å tevla i tradisjonell folkemusikk og folkedans, på Landskappleiken og på Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Kring hundre meistrar frå heile landet, i aldersspennet frå 12–80 år, vil verta å sjå og høyra under framsyninga i operaen 23. november, opplyser prosjektleiar i FolkOrg Rannveig Djønne.

Breitt spekter

Musikaren frå Djønno i Hardanger lovar publikum alt frå spenstig hallingdans, eggjande hardingfele – til langeleik og bukkehorn, durspel og trekkspel.

– Me har eit fantastisk mangfald som me gler oss til å syna fram for fleire. På denne konserten får ein dei norske folkemusikktradisjonane i eit nøtteskal, seier Rannveig Djønne i ei pressemelding.

Same helga vert det også halde kappleik og stor dansefest på Riksscenen i Oslo.

Folkemusikkhelg

– Me håpar nysgjerrige og interesserte frå heile landet tek turen til hovudstaden og vert med på festen, seier prosjektleiaren.

Midt i mai vert dei 1100 billettane lagt ut for sal. Kven som vert inviterte til å stå på scena vert avgjort på Landskappleiken på Geilo og på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Steinkjer i sommar.

Kommentarer til denne saken