HER BLIR DET FEST: Filmskapar Yorick S. Gontarek (f.v.), kompoist og arrangør Irene Tillung, kulturkonsulent Thor Trå, sjovmeister Linda Eide (liggjande), musikar og lydmann Cato Østlie, Osafestivalleiar Ida Dyrkorn Heierland, musikar Lars Egil Sjøtun, kommunalsjef Trude Letnes og kulturhussjef Randi Kvinge er ein liten del av dei mange som skal laga fest gjennom heile året . Foto: Helge Søfteland

Heradsfeiring året til endes

2020 skal nyttast til å syna at gravensarar og vossingar frå no skal vera eitt.

Det er mange som har røynt at få ting ristar ulikskapar og endåtil skepsis betre saman enn ein heidundrande fest. Voss herad skal feira seg sjølv og samanslåinga mellom Granvin og Voss med mange slike festar gjennom heile dette året. Og det opnar storslått med den store Heradsfesten - tre heile dagar til ende i overgangen mellom februar og mars.

Frå Trudvang til Vangskyrkja

Heradsfesten pangstartar med ein kulturell festkveld i gravensarane sitt tradisjonsrike samlingshus Trudvang. Og sjølv om kulturkonsulent Thor Morten Trå ikkje vil ut med for mykje, lovar han eit både spenstig, variert og spennande program med musikarar frå Granvin.

Og etterpå er det dans.

I andre enden av festhelga, ventar distriktsmusikarane sitt møte med Ruth Lillegraven i Vangskyrkja. Ruth stiller mellom anna med spesialskriven tekst for høvet. Trå lovar at dette vert vakrare enn det meste.

Heradssjov

Eitt av dei store høgdepunkta på Heradsfesten vert Linda Eide sitt store Heradssjov i Gamlekinoen.

– I Heradssjov legg eg at det skal vera sjov - kjekt - å vera i salen. Å så vil eg gjerne læra publikum noko dei ikkje visste om desse til no to kommunane og og folket som bur der.

Linda seier at dette ikkje vert noko «Voss herad på 120 minutt». Det meste vil på eit vis gå føre seg i notid, men med visse historiske glytt inn i fortida.

Med på seg på scena har Linda Kåre Opheim, som skal fargeleggja og understreka poeng på sitt slagverkunivers. I tillegg byr Linda også på eksklusive gjester.

– Eksklusive i den forstand at dei er få!

Den einaste gjesten ho vil ut med namnet på er kollega Kjersti Mjør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjersti, som alltid er slik ei skikkeleg og strukturert dame, skal denne gongen by på seg sjølv og fortelja om livet på ein ferjekai - med foto frå privatarkivet, lokkar Linda.

Det er sett opp to framsyningar av heradssjovet laurdagen, og den siste er alt utseld.

– Legendarisk

Ei av hendingane Trå gler seg mest til i løpet av den store Heradsfest-helga er konserten med Twang Gang og Alexander Aga Røynstrand i biblioteket på laurdagskvelden.

– Saman har dei henta fram att Sigbjørn Bernhoft Osa sitt møte med rockegruppa Saft på Ragnarock i Holmenkollen på 70-talet og spelar musikken derifrå. Det kjem til å verta heilt legendarisk!

Etter denne knallkonserten, vert det dans med det etter kvart godt kjende lokale dansebandet Wannabes.

– Me er ikkje eit typisk danseband i den tradisjonelle forståinga, men spelar alt frå country til Springsteen og der omkring, seier Lars Egil Sjøtun - vokalist og gitarist i bandet.

Lyden av Voss

Heradsfesten byr også på ei urframføring. Fyrste del av Lyden av Voss - der Yorick Gontarek og Frontfilm er ansvarlege for den visuelle delen og Irene Tillung har laga og sett saman musikken og lydane som «er» Voss - skal synast i kulturhuset rett etter ordføraren si offisielle opning av feståret, i kulturhuset laurdag kveld.

Gjennom året skal det lagast fire deler, der dei tre andre skal synast i samband med Vossa Jazz, Ekstremsportveko og Osafestivalen. Til slutt skal alle dei fire delene setjast saman til ein film på 20-25 minutt.

KOMMUNAL TROIKA: Kulturkonsulent Thor Trå, kommunalsjef for kultur Trude Letnes og kulturhussjef Randi Kvinge har eit overordna ansvar for det store feståret. Foto: Helge Søfteland

Gåve til folket

Då ordførar Hans-Erik Ringkjøb gav kommualsjef for kultur Trude Letnes, kulturkonsulent Thor Morten Trå, kulturhussjef Randi Kvinge og deira gode hjelparar i oppgåve å setja saman eit samanhengjande kulturelt festår, var det eitt krav som var ufråvikeleg: Dette skal vera ei gåve til folket!

Det innebar mellom anna at alle arrangementa anten er gratis eller er prisa med ein symbolsk sum som gjer at alle skal ha råd til å delta i festen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit resultat av dette er sjølvsagt at pågangen må reknast å verta enorm på fleire av arrangementa. Det eine Heradssjovet er altså utseld, og det same vil utan tvil skje med kyrkjekonserten til Ruth Lillegraven og distriktsmusikarane - der det berre er lagt ut 300 billettar, konserten med Twang Gang og Alexander Aga Røynstrand - med påfylgjande dansefest, kulturkvelden i Trudvang, kinoframsyningar og meir til.

Det same vil nok òg skje på dei mange gratisarrangementa; som Voss Kunstlag si utstillingsopning laurdag ettermiddag, Solfrid Himle si songstund, kulturskulen sin kulturskuletapas, korpskonserten og ikkje minst Victor Norman sitt foredrag «Ein kritisk ettertanke».

Gjennom året

For verkeleg å synleggjera at me har gått inn i ei ny tid, har kommunen invitert lag, foreiningar og organisasjonar til å vera med å markera dette året. Kommunalsjef Letnes seier responsen har vore særdeles god, og at meininga med dette er todelt. Det eine er å synleggjera det store mangfaldet av aktivitetar desse frivillige laga og organisasjonane står bak, det andre er å få til samarbeid på tvers av dei gamle kommunegrensene og syna at me no er eitt herad.

Mellom laga som er med er Voss Ættesogelag. Dei tjuvstartar markeringa med ei samkoma i Kulturanken i Granvin laurdag 22. februar. Der vil Yngve Nedrebø frå statsarkivet fortelja om bruk av DNA i slektsgranskinga.

Andre lag som er med er Galleri 19 - Kunstvandring Voss, Voss sogelag, Voss Musikklag, Voss Utferdslag, Orkesteret Fossegrimen og Ekstremsportveko.

Voss gymas har vist ekstra stort engasjement. Elevane på Design og Handverk, og Kunst, Design og Arkitektur har laga utstillinga Kven er vi? I slutten av mars skipar gymnaset til konferansen Frå utdanning til verdiskaping i Voss herad, og eit par dagar etter kjem konserten Heradsrock - rockekveld for ungdomsband frå Granvin og Voss.

På fire hjul

Osafestivalen er også med på feiringa, og dei nyttar høvet til å stabla ei nyskaping på beina.

– Osascena er Osafestivalen sitt andlet gjennom heile året, og me er opptekne av å ta i bruk dei gamle og tradisjonelle ungdomshusa og samlingsstadene rundt i grendene og koma ut dit med musikalske tilbod, seier festivalleiar Ida Dyrkorn Heierland.

Nyskapinga har fått namnet Osascena på 4 hjul, og den aller fyrste utgåva er gledeleg nok lagt til Grendahuset på Djønno. 20. september vert det konsert her, i samarbeid med Oksen grendalag. Og Osascena byr på fylgjande «heite» tips: Ta turen på Oksen, så eit forfriskande bad i fjorden, før konserten på grendahuset.