Gå til sidens hovedinnhold

Hjelp til idealistane

Artikkelen er over 7 år gammel

GRANVIN: Private stiftingar i Hardanger har over tid betalt ut millionar til bygningsvern, og sett huseigarane i stand til å ta vare på viktige kulturminne.

Indre Hardanger kulturvern er ei stifting som vart skipa i 1999, opplyser styreleiar Olav Seim i Granvin. I åra til og med 2012 har 88 prosjekt fått midlar frå denne stiftinga. Over 1,3 mill kr har vorte utbetalt, og stiftinga hadde for eitt år sidan ein eigenkapital på vel 2,6 mill kr.

Føremålet for stiftinga er vern og ivaretaking av ulturelle verdiar i Hardanger. Om lag same føremålet har «Stiftinga Johannes og Håvard Seim med fleire». Denne stiftinga kom i stand i 2004, med storparten av kapitalen frå brørne Johannes og Håvard Seim. Også her er Olav Seim styreleiar.

Sikrar gamle tak

– Stiftinga har særleg vore oppteken av å sikra gamle hus eit nytt liv. Svært mange takprosjekt har fått tilskot frå stiftinga, opplyser Seim, og viser til at stiftinga har løyvd mykje til vedlikehald av gamle og tradisjonelle tak med rastaheller.

Så langt som mogeleg vert det også prøvd å nytta stiftinga sine midlar saman med andre finansieringskjelder, som offentlege Smil-midlar og andre private midlar.

Frå 2004 og fram til og med 2012 har denne stiftinga vore med og finansiert 85 prosjekt, og har betalt ut til saman 2 mill kr.

For eitt år sidan hadde stiftinga ein eigenkapital på nesten 4,8 mill kr. I 2012 var det til dømes sju prosjekt som fekk tildelt til saman 190.000 kr. Det er avkastinga på kapitalen som vert delt ut, understrekar Seim.

Inspirasjon til andre

– Johannes og Håvard Seim var framsynte då dei oppretta stiftinga i si tid, og saman med Indre Hardanger kulturvern har dette vore til inspirasjon for fleire andre kulturvernstiftingar.

Kulturvernentusiasten Knut Aase, som har eigedom i Ulvik, har sterk interesse for bygningsvern og har vore sentral i etablering av desse stiftingane.

Han har også vore svært dyktig til å plassera midlane på stader der dei har gjeve svært god avkasting, undertrekar Olav Seim.

Styreleiar Olav Seim er bror til journalisten i denne saka.

RED. MRK.

Kommentarer til denne saken