Hordaland med omfattande 17. mai-sending

Gunnstein Akselberg vert gjest i studio. Og mange kulturinnslag, talar og reportasjar vert sende på Hordaland si nettavis nasjonaldagen.

– Medan NRK og TV2 er flinke med dei nasjonale sendingane 17. mai, vil me i Hordaland markera nasjonaldagen med god lokal vinkling, seier journalist Helge Søfteland, som er ansvarleg for lokalavisa sin digitale 17. mai.

Hordaland startar med å leggja ut video med gjensyn frå tidlegare barnetog kl 10, så kjem det ei direktesending frå kulturhuset frå 12-13, og video med folketog-preg klokka 14.

Studiosendinga er over for denne gong, men her ligg opptak frå sendinga.

Trykk deg fram til ti minutt inn i videoen - så startar sendinga.

Etter det vil journalistane på vakt prøva å dela stemning og bilete frå heradet utover dagen.

Les også
Her kan du læra deg Vossasongen til 17. mai

Fbk Voss og heradet

Det er Fbk Voss som er årets 17. mai-arrangør på Voss.

Klubben samarbeider med Voss herad og lokalavisa om feiringa, som i år får eit digitalt preg grunna korona-restriksjonane.

Thor Morten Trå i Voss herad er koordinator for feiringa.

Studio i kulturhuset

Helge Søfteland fortel at lokalavisa vil ha studio i Voss kulturhus og at ein sjølvsagt vil fylgja retningslinene når det gjeld smittevern.

– Barnetoget er ein solid tradisjon på Voss, så me vil senda utdrag frå feiringa i fjor, og andre innslag rundt dette. Så barnetoget opnar dekninga vår, seier Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hordaland hadde si fyrste livesending nokosinne nettopp frå barnetoget på 17. mai i fjor.

Les også
17. mai på Voss utan prisdryss
GJEST: Gunnstein Akselberg vert med Hordaland i stuido 17. mai. Biletet er frå arkivet. Foto: Siri Flatlandsmo

I studio vil Gunnstein Akselberg vera gjest.

– Me er glade for å få med oss Akselberg. Han har alltid mykje å bidra med, seier Søfteland.

Og det vert kulturinnslag.

– Både korps, musikklag og kor vert det. Me jobbar også med å få på plass solistar, seier Søfteland.

Les også
17. mai utan barnetog på Voss

Også folketoget vert det innslag på, frå klokka 14.

– I 17. mai-toget er det tradisjon med mange artige innslag. I år vil me få overraskingar på video frå nokre av dei som er mest ivrige til vanleg, seier Søfteland.

Ordføraren held tale

Ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøb (Ap) held digital 17. mai-tale.

Talen og kransenedleggingar vert filma og sendt i løpet av dagen.

Voss herad har filma gudsteneste i Granvin kyrkje med sokneprest Cato Torsvik. Her er kyrkjekoret med, og solide artistar som Rannveig Djønne og Berit Opheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

DIREKTE: Redaktør Geir Geitle i aksjon under direktesendinga frå 17. maifeiringa i fjor. Foto: Ørjan Brattetveit

Redaktør Geir Geitle i Hordaland gler seg til å gje ei ny 17. mai-sending til abonnentane.

– Me ynskjer å bidra til ei flott 17. mai-feiring, trass alle restriksjonar. Derfor satsar me breitt med å laga ei omfattande direktesending, og me vil ha reportasjar og biletseriar på nett og papir, seier Geir Geitle, som ynskjer at lesarane sender inn sine bilete til avisa.