Gå til sidens hovedinnhold

Husflidskunst i april

Artikkelen er over 7 år gammel

Elevane ved Voss husflidskule førebur no utstillinga «Fallen Art». Verk frå alle tre klassane i formgjeving stiller ut på Tre Brør i april.

– I utstillinga legg me vekt på dei kreative faga ved skulen, og kjem til å visa fram ulike verk, seier Camilla Skjelde som er med i marknadsgruppa for prosjektet.

Tre grupper er oppretta, og her skal elevane få prøva seg ut som kuratorar og innan fotodokumentasjon og marknadshandtering. Utstillinga er ein del av eksamensoppgåva for tre pedagogikkstudentar frå Høgskulen i Bergen, som har vore utplassert i Vg2 i formgjeving på skulen.

– Motivasjonen for utstillinga er den pågåande debatten om dei kreative faga sin plass i skulen, seier Christine Hoem, som saman med Jane Seeberg og Fred-Ole Hansen er utplasserte på skulen. Noreg ligg på siste plass av 65 land i rangeringa over kreative aktivitetar i skulen. 20 prosent av undervisningstida i grunnskulen for ti år sidan gjekk til kunst, kultur og praktiske fag, dette har no gått ned til 12,4 prosent.

– Dette er ein viktig debatt, og me meiner at utviklinga i forhold til prioriteringar av dei kreative faga i skulen går i feil retning, seier Hoem.

– Pedagogisk sett er det og interessant å sjå på korleis det er mogleg å bruka nærmiljøet i ein undervisningsamanheng og kva ringverknader det kan ha i forhold til læring, skule og nærmiljø.

10 verk

Omlag ti verk kjem til å vera med på utstillinga, og dei er delte over dei tre klassane Vg1, Vg2 og Vg3. Det blir utstilt verk med ulike teknikkar som måleri, trykk, teikning, tagging og kostymer. Verka er samla frå elevar som går på skulen no, og frå tidligare elevar.

– Me har halde på med dette sidan midten av februar, og har hatt ein dag i veka der me jobbar med utstillinga, seier Sandström.

Elevane har vitja Basement og fått kuratorkunnskap frå Kjell Erik Ruud.

Nyttig kunnskap

– Me lærer mykje ved å laga ei utstilling, noko me kan få god nytte av i framtida, seier Sandström. Både ho og Skjelde tykkjer dette har vore noko av det mest interessante dei har vore me på.

– Det er veldig kjekt å jobbe med dette, og me er spente på korleis utstillinga blir, seier Skjelde.

Onsdag 2. april opnar utstillinga som skal stå ut april.

– Det har vore fantastisk å jobbea med elevane, det vert laga så mykje bra her på skulen som er verd å visa fram, seier Hoem.

Kommentarer til denne saken