KLATRANDE KVITANES: Eg har sjølv klatra mykje i morelletre, og i år trur eg ogso biene fekk gjort jobben sin, skriv Kvitanesen. Her klatrar han i eit pæretre i Ulvik. Foto: Terje Hjartnes

I morelletreet

Torbjørn Bjotveit har sett noko merkeleg i eit heilt vanleg tre i Kinasarvik, og Hordaland har sjølvsagt vore på pletten for å skriva om hendinga.

Av Kvitanesen

Dei var ikkje tilstades då Sakkeus kleiv opp i morbærtreet for å få auga på Jesus som var venta på vegen. Bibelen fortel om at han var liten av vekst, men ville gjerne ha med seg kjendisen som fór forbi. Dette var ei tid utan Farmen og Ex on the beach og folk var nok lite vane med so fint besøk. Sakkeus fekk betalt for klatringa og vart fremja til apostel med tid og stunder.

Om det var eit menneskje Torbjørn fekk auga på, trur eg ikkje det var ordførar Roald Aga Haug han såg, sjølv om han sikkert kunne ha sessa seg på ein sterk kvist og blømt i lag med morellane. Han hadde soleis fått godt oversyn over riket sitt og sett at det bur folk både høgt og lågt, vidt og breitt. Tvers over fjorden ligg Reiseter fritt under skyene, og herifrå kan han ta pilgrimsvegen over til Botsvatnvegen i Jondal i finaveret.

MÅRKATT: Truleg var det ein mårkatt, og ikkje Roald Aga Haug eller Knut Arild Hareide som klatra i tre i Kinsarvik. Foto: Torbjørn Bjotveit

Hadde samferdselsminister Hareide vore i traktene, trur eg det kunne vore han dei såg halen på mellom greinene. Ringøykongen er truande til å jaga han oppi der om vegen ikkje vert utbetra langs austsida. Det finst ikkje ein gardsveg rundt Mjøsa som er smalare enn kjerrevegen frå Bu til Odda. I sommar måtte eg få middag av ei faster på Fjesme før eg kom meg vidare innover til Lofthus. Men det var vel verd turen.

Om Ulvik kanskje er ei perla, er Lofthus ein diamant. Eg har sjølv klatra mykje i morelletre, og i år trur eg ogso biene fekk gjort jobben sin. Det surra ein heil symfoni i krunene, seint i juli kan me køyra langs fjorden og handla den søstaste av alle bær frå mjølkerampar og oppvigla sildakassar. Om tyrkarane kanskje kan levera dei billigare, kan hardingane laga dei betre.

Eg er glad so lenge det er ein mårkatt som er på fyrste sida i lokalavisa. Det kunne vore ein ulv, ei binne eller endå verre, huskatten hans Arild Helleland. Men han sit nok i tunet og ventar på herren sin om han då ikkje er på friarferd. Det er tida no.

Les også
Mystisk dyr i tretopp. Kva er dette?
Les også
«Mystisk dyr» i tretopp var høgst truleg ein mårkatt