Avisa Hordaland

Kultur

«Jazz er oss. Jazz er Voss»

«Jazz er oss. Jazz er Voss»

Lars Saabye Christensen stod for ei poetiske opning av Vossa Jazz, før Salif Keita tok til tårene.

– Jazz er pinsvinene i hagen som slåst mot den fjernstyrte gressklipperen, las Lars Saabye Christensen frå diktet han har skrevet for opninga av Vossa Jazz.

Saabye Christensen er ein av Noregs mest populære forfattarar.

Buicken

Fredag kveld opna han festivalen i Vossasalen. Seinare på kvelden er han på scena med bandet Buicken i biblioteket i Voss Kulturhus.

Avslutningsvis las den populære diktaren:

– Men jeg er god til å høre på. Jeg gleder meg til å lytte. Å lytte er også en disiplin, å lytte er også et grunnleggende fag. Og det å lytte sammen, er jazz. Jazz er det individuelle kollektivet. Jazz er den ene som gjør den andre bedre. Jazz er oss. Jazz er Voss. Jeg kan dermed ganske enkelt si at Vossa Jazz 2019 er åpnet.

«Dans med meg»

Ørjan Brattetveit - HERLIG Salif Keita frå Mali leverte i Vossalen.

HERLIG: Salif Keita frå Mali leverte i Vossalen.Foto: Ørjan Brattetveit

Lars Saabye Christensen overlèt scena til Salif Keita. «Den gylne røysta frå Mali». Då Salif Keita vitja Vossa Jazz i 1993 vart konserten både blant publikum og hjå pressa omtala som ein «konge-konsert». Saman med sine dyktige musikarar og koristar serverte han rytmar og glede i Vossasalen.

– Eg er 70 år. Eg kjem sikkert ikkje tilbake hit. Så ver så snille, og reis opp og dans med meg, sa Salif Keita. Og fekk liv i Vossasalen.

Keita var tydeleg rørt då konserten var over. Han turka tårene og takka publikum.

Vossa Jazz 2019 held fram med konsertar utover kvelden, heile morgondagen og vert avslutta sundag kveld.