Flott konsert med Dumpster Divas!

I kveld spelte Dumpster Divas på scena på Dalsmoen! Dei to underheldt både med tonar og smittande latterkuler i vanleg Divas stil!

Konserten vart arrangert av Kulturaukefondet saman med Hordaland og Voss lyd, og er til inntekt for Kulturaukefondet. Som vanleg er vippsnummeret 601475 om du vil støtta kulturlivet i bygda. I løpet av konserten kom det inn over 10 000 kroner, og du kan støtta til vippsnummeret no i ettertid og.

Divaene skulle eigentleg spela nettkonsert i fyrste veka i mai, men måtte utsetja på grunn av sjukdom.

Konserten vert òg strøyma på Facebook-sidene til Kulturaukefondet og Dumpster Divas.

Protestplate

I førre veke lanserte duoen den fyrste delen av protestplata dei har laga.

– Me har no lansert dei fem låtane som skal vera på A-sida på plata. Til hausten håpar me å lansera resten, og da vil plata òg bli tilgjengeleg på CD og vinyl, seier Trine Duesund Urne.

Ho utgjer duoen saman med Helle Karlsdottir.

Urne fortel at dei sjølvsagt skal spela dei fem låtane som kjem på A-sida av plata.

– Me skal òg spela låtar frå vårt vanlege repertoar, og me har øvd inn ein ny coverlåt som passar veldig godt i desse koronatidene, seier Trine Duesund Urne.

Dumpster Divas har med seg Einar Olsson på trommer og Tor Erik Bye på bass.