Gå til sidens hovedinnhold

Klart for Vestlandsfanden

Artikkelen er over 7 år gammel

I kveld er dei her igjen. Vestlandsfanden i Vossasalen er nesten blitt ein fast tradisjon i påskeveka.

Denne gongen endåtil med ei dame på laget. Olga Kivaeva er henta inn som ny felespelar og i bandet – som elles omfattar fem menn.

Med seg i bagasjen har Vestlandsfanden òg ei flunkande ny cd-plate, som alt har fått gode kritikkar. Lika gla’ heiter plata, som er nr 16. i rekkja frå bandet som oppstod heilt attende i 1979. Og som sidan har tråla kongeriket på kryss og tvers og levert godt over 3000 spelejobbar undervegs.

Fanden sjølv, Reidar Brendeland, har elles vore sterkt i fokus siste veka. I tillegg til plateslepp rett før helga, var han gjest i Tore Strømøy sitt program «Sanger fra Norge» sundag kveld, der hyllestsongen til Sauda vart framført i ulike versjonar, samstundes som Strømøy og Brendeland vandra rundt på stadene som er omtala i teksten.

Om Sauda-songen står på repertoaret i kveld, er uvisst. Men me vil temmeleg sikkert få høyra om Plommer i Hardanger, Fett på knokane og om Øl og brennevin. For: For livets glade gutter går solen aldri ned.

Kommentarer til denne saken