Gå til sidens hovedinnhold

Kraftfondpengar til flygel

Artikkelen er over 7 år gammel

Pianist Inger-Kristine Riber søkte om 100.000 kroner frå Kraft-fondet til nytt flygel. Ho fekk halvparten.

– Det er klart at løyvinga frå Kraftfondet er flott, men eg må gå litt i tenkjeboksen, for det jo snakk om ei stor investering, seier Riber.

Flygelet ho tenkjer å kjøpa er eit Yamaha-flygel til ein sum av 160.000 kroner.

– Det er nesten to meter langt, og er eit slitesterk og overkommeleg flygel. Ein dag er draumen eit nytt Steinway-flygel, men det kostar opp mot ein million kroner, og då må eg vera sikker på at eg er der som det står - for å få brukt det mest mogleg.

Føretaket hennar «Ikriber» er registrert på Voss, og i framtida ser ho for seg å ha ein base på Vestlandet.

– Utfordringa som kulturentreprenør er at eg må kunna jobba der eg til ei kvar tid er. I mitt tilfelle vil det seia at eg må kunna øva, i tillegg til normal administrasjon som fylgjer med jobben, seier Riber.

– Ut frå dette er det høgst naudsynt med eit OK flygel på Voss. Då vil eg kunna driva mitt profesjonelle virke herifrå i periodar, jobba med medmusikarar og ta andre initiativ innan kulturlivet.

Til Minnesota

No er det fyrst Vossa Jazz som står på programmet, men etter påske vert det mykje reiseaktivitet.

– Då skal eg til Italia der eg har ein fast piano-duo, og til Tyskland og gje konsertar, før eg flyg over til USA igjen der eg har fått æra av å opna ein stor norsk festival i Minnesota.

Riber var òg tidlegare i år i Seattle, då som norsk ambassadør med klaverkonsertar av Grieg.

– I Minnesota vert det og ein ny norsk del av programmet, sidan me har motteke støtte frå Norsk Komponistforretning for å tinga ny norsk musikk.

Denne gongen er det komponisten Glenn Erik Haugland, busett på Os, som er den heldige.

– Vekene no rett før påske er mellom anna døme på at det hadde vore naudsynt med eit eige flygel. No jobbar eg med mykje nytt program, skal ut på turnè, skriv musikk og gjer ferdig produksjonen som skal ur-framførast på Badnajazzen, og har konsertar med lokale aktørar her på Voss.

Sommarkonsertar

– Frå midten av juni vert det også mykje aktivitet her i Vossaområdet, sidan eg i fleire år har leia ein internasjonal kammermusikkserie i Eidfjord, og denne sommaren vert det om lag 15 konsertar med interessante internasjonale musikarar i Galleri N.B. I september er eg kunstnarisk ansvarleg for ein pianofestival i samarbeid med Steinway&Sons i Oslo. Og så blir det nok konsertar både i USA og Kina utover hausten, dessutan skal eg jobbs med arrangement for born og unge kring temaet Alf Prøysen på Voss og i Hardanger.

– Men eit eige flygel hadde vore toppen, og ikkje alltid måtte låns av mine beste venner her i bygda, for dei har vore svært generøse i mange år, seier Riber.

Kommentarer til denne saken