Kransing og talar 17. mai

Mange skal heidrast med krans og tale på 17. mai. Mange har ofra mykje og nokre har ofra alt for at me kan heisa flagget for grunnlova og fridomen.

Gravene til Eidsvollsmennene Georg Burchard Jersin og Brynjel Gjeraker vert kransa av varaordførar Sigbjørn Hauge.

På Veteranbautaen ved Vangsvatnet legg Andreas Røthe ned krans og held tale, medan Per Støyva gjer det same ved minnesmerket over krigsofra ved gravplassen.

Sivlebautaen får krans og tale ved Einar Midtun.

Eidsvollsmennene

Veteranbautaen

Minnesmerket over krigsofra

Bautaen over falne ved Oppheim kyrkje

Minnesmerket over falne i Ulvik

Sivlebautaen

Minnebautaen ved Granvin kyrkje.

Video frå kransepåleggingen på minnebautaen ved Granvin kyrkje. Kransepålegginga vart gjort av Folkedal Ungdomslag.

Kransenedlegginga på Stamnes

Video frå kransenedlegginga på Stamnes.

Den fyrste song

Kva er vel meir naturleg enn å høyra «Den fyrste song» etter å ha lagt krans på Sivlebautaen. Her vert songen framført av Berit Oppheim.

Her kan du sjå talen for dagen då varaordføraren kransa Regimentsbautaen på Bømoen 8. mai:

Les også
Digital 8. mai-feiring