ØYVIND WÆHLE: Øyvind Wæhle er administrerande direktør i Voss Resort, og har vore ein viktig person i arbeidet med Voss Gondol. Biletet er frå før den offisielle opninga av banen. Foto: Ørjan Brattetveit

Kven er Årets namn 2019?

Med hjelp frå lesarane har Hordaland plukka ut ti nominerte til Årets namn for 2019.

I tida fram til torsdag 19. desember kjem Hordaland til å presentera to og to nominerte på nett og i papiravisa.

Dei to neste ut er Øyvind Wæhle og Vigdis Reisæter.

Øyvind Wæhle har vore ein heilt sentral person i arbeidet med Voss Gondol, som vart opna i sommar. Wæhle er administrerande direktør i Voss Resort, og har vore ein stødig og profesjonell person i oppturar og nedturar på vegen mot den nye banen.

Vigdis Reisæter er leiar i det ferske venelaget for stølsvegen i Kvanndal. Ho har, saman med venelaget, gjort ein kjempeinnsats og stabla over to millionar kroner på beina for å byggja steintrapper i det bratte terrenget langs den gamle stølsvegen.

VIGDIS REISÆTER: Ho har gjort ein kjmpeinnsats og er engasjert for å få fleire opp stølsvegen i Kvanndal. Foto: Sigrid Seim

Dei ti nominerte til Årets namn

I tillegg til Øyvind Wæhle og Vigdis Reisæter er desse nominerte til Årets namn:

Sjur Røthe

Kjetil Kriken

Anny Forthun

Torunn Hovland Ljone

Jostein Finne

Ruth Lillegraven

Hege Eide Vik

Morten Svartveit

Slik stemmer du på din favoritt

Du kan anten senda mail til namn@avisa-hordaland.no, senda ei privat melding på Facebook-sida vår eller stemma ved bruk av kupongen frå papiravisa.

Hordaland tek imot stemmer fram til 19. desember ved midnatt.