RUTH OG GJENGEN: Heradsfesten avsluttar med ein storslått kyrkjekonsert, der distriktsmusikarane Øysten Haga (t.v.), Helga Hjetland og Kato Flem møter forfattar Ruth Lillegraven og felemeister Knut Hamre. Foto: Thor M. Trå

Kyrkjekonsert med spektakulær overrasking

Ruth Lillegraven og Distriktsmusikarane slår på stortromma når dei inviterer til konsert i Vangskyrkja som slutten på Heradsfesten.

I serien Distriktsmusikarane møter..., er turen komen til Ruth Lillegraven.

– Konseptet er at me møter ein person eller ei gruppe, men me har sagt at det skal vera lov å ta inn ein eller fleire gjester, forklarar distriktsmusikar og fløytist Øystein Haga.

Les også
Heradsfeiring året til endes

Spennande overrasking

Denne gongen vert det fleire gjester. Gjester som på kvar sitt vis spelar ein viktig og avgjerande rolle i programmet.

Dei viktigaste gjestene er felespelar Knut Hamre, ordførar Hans-Erik Ringkjøb, ex-Granvinordførar Ingebjørg Winjum og sokneprest Anders Hove.

Haga er heller løyndomsfull når det gjeld kva gjestene skal bidra med, men med tanke på at heradsfesten er ei markering av at Voss og Granvin no er samla til eitt rike, kan det vel henda det ligg noko der. Haga lovar publikum ei spektakulær oppleving i alle fall.

Sigd

Det er diktsamlinga Sigd som er utgangspunktet for møtet mellom Ruth Lillegraven og Distriktsmusikarane.

– I dei tidlegare møta, har musikkreferansane vore nokså tydelege og konkrete. Slik er det ikkje med Ruth sine tekstar, så her måtte det meir verta snakk om musikalske stemningar. Eg valde norsk folkemusikk eller folkemusikkinspirert musikk, balansert med ekspresjonistisk – også kalla neoklassisk – musikk frå 1900-talet.

Folkemusikken fell naturleg inn i tema og tida tekstane i Sigd handlar om. Ruth har også skrive eit flunkande nytt Bjølledikt, inspirert av Bjølleslåtten – slåtten som er ein raud tråd i deler av Heradsfesten.

Når det gjeld den ekspresjonistiske delen, skal Distriktsmusikarane framføra deler av den tsjekkiske komponisten Bohuslav Martinů sin Triosonate for fløyte, fiolin og klaver. I tillegg skal dei òg framføra deler av franskmannen Pierre Sancan sin Fløytesonate.

– Begge deler er musikk eg har drøymt om å få spela i mange år, og no skjer det endeleg! Me har valt ein annan og meir munter slutt på konserten enn det teaterstykket har, og Sancan sin sonate passar perfekt til dette, seier Haga.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ikkje stykkevis og delt»

Dei som gjerne vil høyra både Triosonaten og Fløytesonaten i sin heilskap får sjansen til det alt torsdagen etter. Då kan du høyra fløytist Øystein Haga, fiolinist Helga Hjetland og pianist Kato Flem framføra dei to verka i ein lunsjkonsert i atriet i Voss kulturhus.

– Av naturlege grunnar har me valt å kalla konserten «Ikkje stykkevis og delt». Me har lyst til å formidla denne utruleg vakre musikken, og me håpar det er fleire som har lyst å høyra dei to sonatane.