Gå til sidens hovedinnhold

Kysset var ekte, men bokmål var tull

Artikkelen er over 7 år gammel

VOSS: Unni Askeland sine store raude lepper vert kunstverk ved Hardangerbrua, men det skal ikkje omtalast på bokmål.

Det var ein del som lét seg lura 1. april. Fleire lesarar har ringt og sendt e-post i opprør over at Hordaland no opnar for at journalistar kan skriva bokmål. Men det var ein fleip.

– Hordaland har ingen planar om å gå over til bokmål. Det er faktisk eit spørsmål me ikkje har vurdert, og heller ikkje har planar om. Her er eigarane, styret og eg som redaktør fullstendig på linje, seier Elin Madsen.

Her kan du lesa spøken: Hordaland opnar for bokmål

Bergens Tidende hadde utpå dagen 1. april ei sak på nettet om alle aprilspøkane. Dei hadde ikkje merka seg Hordaland sin bokmåls-spøk, men trudde saka om kunstprosjektet «Mellom himmel og fjord» - der kunstnaren Unni Askeland skal stilla ut eit stort leppepar - var spøk.

Men Unni Askeland sitt kyss til Hardanger er ekte nok. Hennar raude munn, i kjempeversjon, kjem til å pryda det nasjonalromantiske området ved Bu, på sørsida av fjorden.

Kommentarer til denne saken