Gå til sidens hovedinnhold

Mektig konsertsamarbeid

Artikkelen er over 7 år gammel

Det nærmar seg 13 år sidan Evanger Musikklag og Orkesteret Fossegrimen samarbeidde om den store Percy Grainger-konserten. No er det klart for nytt, mektig samarbeid.

Samarbeidet denne gongen resulterer i to konsertar; i Dalehallen laurdag 22. mars, og i gamle Voss kino sundag 23. mars. Med på begge konsertane har dei solistane Børge Styve på kornett og Sondre Fjose Sandberg på fiolin.

Evanger

Konserten er delt i tre. Fyrste delen tilhøyrer Evanger Musikklag. Under sin faste dirigent Brynjulv Styve opnar dei med «Valdresmarsj» av Johannes Hansen, etterfylgd av trad.låten «Men of Harlech» og «Mountain Song» av den engelske komponisten Philip Sparke – eit velkjent namn i brass- og janitsjarkrinsar.

Børge Styve, som tok til å spela i Evanger Musikklag som seksåring, og som seinare har hatt fleire solistoppdrag både med musikklaget og med Fossegrimen, er kornettsolist i «The Debutante» av den amerikanske kornettisten, bandleiaren og komponisten Herbert Lincoln Clarke. Styve studerer no musikk i Köln, og ved sida av studiane er han ein etterspurd musikar på eit særdeles høgt nivå.

Det kjem alltid nye Styve’ar frå Evanger. I Sigmund Groven sin «Aria» får publikum ein duett for kornett og althorn mellom Åslaug Mjånes Styve (syster av Børge) og den unge Vemund Styve (nevø av Børge).

Fossegrimen

I del to av konserten er det Orkesteret Fossegrimen sin tur. Under sin faste dirigent Dagfinn Rohde, opnar dei denne avdelinga med ouverturen til «Egmont» av Beethoven.

Deretter tek dei fram att to av Percy Grainger-stykka frå -01-konserten: «Shepherd’s Hey» og «Colonial Song». Hovudverket i Fossegrimenavdelinga er to satsar frå Mozart sin fiolinkonsert nr 3 i G-dur. Her er Sondre Fjose Sandberg solist.

Sondre vart med i Fossegrimen som 12-åring og var med i firefem år. Sondre har også hatt fleire solistoppdrag med orkesteret.

Sondre studerer fiolinspel ved Norges Musikkhøgskole. Han er medlem av strykekvartetten Quartetto Testosterone, og han er ein aktiv orkestermusikar i ulike samanhengar.

200-årsmarkering

Siste delen av konserten vert ei felles musikalsk markering av grunnlovsjubileet. Under leiing av Dagfinn Rohde, skal Evanger Musikklag og Orkesteret Fossegrimen framføra sjølvaste «Ouverture Solennelle 1812» av Peter Iljitsj Tsjaikovskij. Dette majestetiske og magiske verket skreiv den russiske komponisten i 1880 som eit minne om russarane sin kamp mot og endelege siger over Napoleon i 1812. Eit verk fullt av sterke kjensler og orkestrert med alt som trengst av musikalske effektar.

Evanger Musikklag dreg lasset i messingseksjonen, og unge slagverkarar frå Voss Skulemusikk, under leiing av Bjørne Møen, har ei særdeles viktig rolle i dette verket. Men alle instrumentgruppene får rikt høve til verkeleg å boltra seg i Tsjaikovskij sin originalskrivne versjon.

Kommentarer til denne saken