All musikk har ein samanheng med Voss.
All musikk har ein samanheng med Voss. Foto: Privat

Militær lunsjkonsert på Fleischer - og all musikken har samanheng med Voss

Norsk militærmusikk – musikk skriven av kompo­nistar som har vore tilsette i Forsvaret – er ikkje noko me høyrer ofte. Det vil Bergen Brigademusikk endra på,

Sundag 10. november held Brigade­musikken, saman med Dale Mannskor, lunsjkonsert på Fleischers Hotel.

Ikkje tilfeldig

Staden er langt frå tilfeldig valt, for mellom musikkstykka som skal framførast i korpsdelen av konserten, er General Fleischers Marsj. Ein marsj komponert av Alfred Evensen, i si tid sjef 4. Divisjons Musikkorps i Bergen, for å hylla general Carl Gustav Fleischer.

Han var sjef for dei norske styrkane ved Narvik og den fyrste allierte generalen som påførte tyskarane eit tap under andre verdskrig. Generalen var frå den same aust-preussiske Fleischer-ætta som hotellfamilien på Voss.

Dale Mannskor opnar konserten med ei avdeling der musikken er skriven av Fredrik Wihelm Glomnæs, Julis Woldsdal og nemnde Alfred Evensen.

Samanheng med Voss

All musikken på konserten har ein samanheng med Voss, som til dømes Adolf Hansen sin Erindring fra Stalheim og 10. Regiments Marsj av Julius Woldsdal. IR10 hadde, som mange vossingar vil vita, sitt stamkvarter på Bømoen og Tvildemoen.

Etter korpsavdelinga sluttar konserten med ei felles avdeling, der kor og korps framfører musikk av Ole Olsen, Oscar Borg – «Norges marsjkonge» – og Johannes Hansen. Hansen får æra av å avslutta konserten, med sin Valdres-Marsj frå 1904.

Ole Didrik Lærum er konferansier for konserten.