Mimring på ein annleis 17. mai

Ikkje tog og feststemte gater i år, og ikkje noko til ver. Men 17. mai lagar me til likevel, og byr blant anna på gjensyn med barnetoget frå 1983!

Det var ikkje slik denne dagen skulle vera. Men ingenting øydelegg festen for oss på Voss!

For å skriva litt om på vår kjære Per Sivle: «Da e det stora, og da e det glupa, at vossingen staor um koronaen trugar».

På 17. mai i år skulle me så gjerne vore med dykk i gatene og lodda stemninga, men me ynskjer dykk hjarteleg til lukke med dagen i stover og hagar, og byr dykk på nokre gjensyn med tidlegare nasjonaldagar.

Mimring frå arkivet

I dag viser me film frå vår fyrste direktesending på 17. mai i 2019, film frå 2017 og får låna bilete frå NRK sitt arkiv frå 2003 og 1983 då det var sending på «riksen» frå Voss.

Ser du nokon du kjenner?

Denne journalisten må noko beskjemma innrømma at han er fanga på kamera i ein mindre heldig augneblink.

Sjå film frå fortida i år, et is og pølser, og sjå fram mot betre tider!

Direktesendinga frå 2019

Denne filmen er over ein time, så de får spola dykk litt rundt for å leita etter vener og kjende.