Gå til sidens hovedinnhold

Musikalsk godbit på Hauge-senteret

Artikkelen er over 7 år gammel

Laurdag presenterer Hauge-senteret ein musikalsk godbit. Svein Tang Wa og Johan Egdetveit tek turen frå Stavanger til Ulvik.

Det blir garantert god stemning, lovar dagleg leiar ved Haugesenteret Geir S. Netland.

– Svein Tang Wa er ein framifrå ordkunstnar og låtskrivar som har levert legendariske songar til andre artistar. Han er også ein særs dyktig og original visesongar, så me kan lova ein minneverdig og morosam kveld, seier Netland.

Tang Wa debuterte i 1980 med albumet «Toffa». Denne er nærast som ei konseptplate å rekna, der stort og smått i Stavanger blir sett og tolka gjennom blikket til guten Toffa.

Tang Wa har gjeve ut seks soloplater. Mest merksemd fekk trubaduren med «Hørr Gjøken», som vart kåra til årets norske album av NRK P1 i 1998.

På denne finn ein mellom anna låten «Morer», ein hyllest til mødre generelt og deira innsats for å få dei rundt seg til å stort sett landa på beina gjennom livets opp- og nedturar.

I Tang Wa sine låtar er det sjeldan langt mellom humor og alvor, og det er tett mellom dei gode setningane. Tang Wa har og skrive låtar for andre artistar, og står bak fleire av det legendariske Stanvangerensamblet sine låtar, deriblant deira største hitar «Kan’kje finn fingen» og «Trega deg igjen».

Han også skrive for Vamp og Leif&Kompisane. Tang Wa fekk Stavanger Kommune sin kulturpris i 2005, og Stavanger Aftenblad sin kulturpris i 2009.

Johan Egdetveit er utflytta vossing og har budd i Stavanger sidan 1991. Han lærte å spela trekkspel av Olav Ullestad på musikklina på Voss gymnas, og heldt fram med instrumentet sitt på Musikkhøgskulen i Oslo. Egdetveit har spela med alt frå Stavanger Symfoniorkester til ulike rockeband.

Forutan Tang Wa har han spela mellom andre med Morten Abel, Jonas Fjeld og Kaizers Orchestra.

– Tang Wa sine tekstar er originale og av ypparleg lyrisk kvalitet. Dessutan er han ein utruleg fyr å oppleva i levande live, seier Netland.

Kommentarer til denne saken