LOKAL: Olav Undeland er ein av dei tre lokale musikarane som skal spela nettkonsert på Hordaland sine heimesider torsdag kl 20.00. Her er han på Galleri 19 på Voss under ei kusntvandring i fjor saman med Vigdis Jordal. Foto: Jan-Egil Dyvik

Nettkonsertar på Hordaland for å støtta det lokale kulturlivet

Torsdag var det nettkonsert på heimesida til Hordaland med dei lokale musikarane Irene Tillung, Kåre Opheim og Olav Undeland.

Les også
Suksesskonsert: Sjå konserten i opptak

Konserten fann stad torsdag 2. april.

– Me ynskjer på denne måten å slå eit slag for det lokale kulturlivet ved å strøyma konserten som skal gå føre seg i lokala til Voss Lyd. Både musikarane og Voss Lyd mista alle sine speleinntekter over natta då koronapandemien slo inn, seier Hordaland sin redaktør, Geir Geitle.

Under konserten var det lagt ut eit vippsnummer på skjermen under konserten slik at folk og verksemder kan donera pengar til dei som er involverte i konserten og til det lokale kulturlivet. Donasjonane går uavkorta til dei som er involverte.

– Skulle det koma inn meir pengar enn det som ville vera normalt honorar for dei som er med, så vil desse pengane bli sette til sides og koma det lokale kulturlivet til gode. Me siktar på å strøyma slike konsertar jamleg så lenge koronapandemien går føre seg. Om du ynskjer å donera pengar til konserten, kan du nytta Vipps nummer 601475, seier Geir Geitle.

Dette sa Voss Lyd før konserten

... og dette sa musikarane før konserten

Musikarane seier at dei set stor pris på tiltaket no når det lokale kulturlivet ligg nede, og gler seg til konserten.

– Denne måten å spela konsert på er noko nytt for meg, så det blir kjekt å vera med på. Eg har spelt med Kåre før og veit kva han er god for, men aldri saman med Irene. Eg har stor respekt for henne og musikken hennar, så dette blir spennande. Eg trur at folk no ser kor viktig kunst og kultur er, seier Olav Undeland.

Tre kvarter med musikk

Irene Tillung fortel at konserten vil bli om lag 45 minutt, og at me vil få høyra musikk både frå hennar og Olav Undeland sitt repertoar.

– Dette er framifrå musikarar som eg gler meg veldig til å spela saman med. Det er kjekt å få vera med på eit så positivt tiltak i desse krisetidene. Eg trur at me alle treng ei positiv kulturell oppleving som kan gje oss eit avbrekk frå den alvorlege kvardagen me alle opplever, seier Tillung.

Mista alle inntekter

Kåre Opheim fortel at han og alle andre som lever av musikk og kultur, mista alle inntektene sine over natta.

– Inntektene blei berre heilt borte. Eg har ei deltidsstilling på Voss Ungdomsskule, men den stillinga har eg permisjon frå dette skuleåret fordi eg ville bruka meir tid på speling. Det var jo ikkje noko god timing. Difor er eg glad for at me kan få ein slik moglegheit som denne nettkonserten, seier Opheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

MISTA INNTEKTENE: Kåre Opheim mista alle speleinntektene over natta då koronapandemien slo inn. Foto: Nils Kvamsdal

Donera pengar