Gå til sidens hovedinnhold

Paus lovar å gje alt

Artikkelen er over 7 år gammel

Det vert ingen paus(e)musikk når Ole Paus inviterer til konsert i kultursalen tysdag kveld. Tvert om!

- Eg lovar å gjera mitt beste. Det fortener publikum, seier Ole Paus. Som gler seg til å koma til Voss, ei bygd han har berre gode og sterke minne frå.

Musikk frå heile karriera

Det er trubaduren Ole Paus, åleine med gitaren, publikum får oppleva på denne turneen. Akkurat kva som står på speleplanen tysdag, er ikkje Paus sikker på, men han lovar musikk frå heile sin lange karriere og sine «skamlaust mange» songar. Også heilt nye ting lovar han å servera vossingane.

Det er ein Ole Paus som er nøgd med livet, og som kjenner seg privilegert og nøgd vossingane får møta. Han seier det kjennest godt å vera ferdig med platebransjen, og at han no endeleg er attende til det alt handlar om: å møta publikum direkte, og å gje sitt aller beste til dei som kjem for å høyra på.

Kommentarer til denne saken