Gå til sidens hovedinnhold

Show, moro og gode prestasjonar

Artikkelen er over 7 år gammel

Etter å ha vunne 3. divisjon i fleire år, tok seniorkorpset til Voss Skulemusikk steget opp i Hordablæsten sin 2. divisjon. Det enda med ein solid fjerdeplass.

Voss Skulemusikk sine 60 musikantar gjorde slett ikkje skam på bygda og laget under Hordablæsten i Grieghallen i helga. Saman med 2000 andre glade skulemusikantar frå heile fylket, fylte dei hallen med musikk og god stemning.

Samarbeidskorpset Dale Odda vann 3. divisjon janitsjar.

Tett i toppen

Seniorane i Voss Skulemusikk debuterte i 2. divisjon, etter å ha vunne 3. divisjon i fleire år. Og dei takla utfordringa godt. Dess høgare nivå, dess tøffare kamp om poeng og plasseringar, men vossingane slo godt frå seg. Til slutt enda dei opp med 90 poeng.

I den tette konkurransen gav det fjerdeplass, berre tre poeng bak divisjonsvinnaren Åsane janitsjar.

Stor pokal

Voss Skulemusikk sitt juniorkorps stilte med 15 musikantar i konkurransen fredag kveld. Av totalt 15 korps i denne klassa, tok vossingane ein sterk andreplass. Noko som resulterte i at dei unge korpsmusikantane kunne reisa heim att i triumf og med ein stor pokal som synleg prov på den sterke innsatsen.

Endå yngre er aspirantane. Dei starta på det som vonleg kan verta ein lang korpskarriere i haust. Saman med 300 andre aspirantar hadde dei eige seminar laurdag føremiddag. Temaet var afrikansk musikk, utan notar.

Aspirantane si rosin i pølsa var sceneopptreden saman med Hordaland Ungdomskorps, framfor ein fullsett sal.

Solistar og ensemble

I tillegg til korpsklassane, er det eigne klassar for solistar og ensemble på Hordablæsten. Voss stilte i år med fire solistar og to ensemble.

Evanger Musikklag hadde med tre ensmeble og ein solist. I desse klassane er det kun bestemannspremiering og -rangering i kvar aldersklasse, og her nådde ikkje nokon frå Voss Skulemusikk opp i år. Som solistar stilte Julie Røssland, Sofie Røssland, Amund Sørensen og Magnus Sørensen. Vemund Styve frå Evanger Musikklag tok ein fjerdeplass i sin solistklasse.

I ensemble-klassa vart dei tre jentene Tonje Haukås Fosse, Vilde Haukås Fosse og Elisabeth Sørensen frå Voss Skulemusikk lagde merke til for sitt shownummer, der dei spelte Pippi Langstrømpe ikledd oransje hår og fletter som stod rett ut.

Snart 14 år gamle Vemund Styve og eitt år eldre Torolv Sundt frå Evanger Musikklag tok andreplass i ensemble. Dei to andre ensembla frå Evanger nådde ikkje heilt opp i sine respektive klassar.

Kommentarer til denne saken