SJUR RØTHE: Vossingen slo til med to gull- og ei bronsemedalje under VM på ski. I år er han nominert til Årets namn 2019. Foto: Ørjan Brattetveit

Siste frist for å stemma på Årets namn 2019

Med hjelp frå lesarane har Hordaland plukka ut ti nominerte til Årets namn for 2019.

I tida fram til torsdag 19. desember kjem Hordaland til å presentera to og to nominerte på nett og i papiravisa.

Dei to neste ut er Sjur Røthe og Ruth Lillegraven.

Så vart Sjur Røthe verdsmeister! Vossingen slo til med to gull- og ei bronsemedalje under VM på ski. Det skjedde eitt år etter at han måtte sjå OL frå TV-stolen og var usikker på om revmatisk sjukdom hadde sett ein stoppar for karrieren.

Ruth Lillegraven har hatt internasjonal suksess med spenningsromanen Alt er mitt. I sommar vart framsyninga Husmann, som ho skreiv tekstane til, vist i Kvemmadokkje, for eit rekordstort publikum, og i haust har ho hausta strålande kritikkar for dramatiseringa av Sigd, som går på Det Norske Teatret.

RUTH LILLEGRAVEN: Foto: Ørjan Brattetveit

Dei ti nominerte til Årets namn

I tillegg til Sjur Røthe og Ruth Lillegraven er desse nominerte til Årets namn:

Øyvind Wæhle

Kjetil Kriken

Anny Forthun

Torunn Hovland Ljone

Jostein Finne

Vigdis Reisæter

Hege Eide Vik

Morten Svartveit

Slik stemmer du på din favoritt

Du kan anten senda mail til namn@avisa-hordaland.no, senda ei privat melding på Facebook-sida vår eller stemma ved bruk av kupongen frå papiravisa.

Hordaland tek imot stemmer fram til 19. desember ved midnatt.