Gå til sidens hovedinnhold

Spennande TV-dagar for Amalie

Artikkelen er over 7 år gammel

Amalie Skeie (23) frå Ulvik håpar på suksess for tv-programmet ho har vore med og utvikla. Vil publikum stemma på «Hemmelig kjærlighet» når ideen vert presentert på TV2?

7. mai går piloten som ho har vore produksjonsleiar for, på TV 2 Zebra. Med skjult kamera i ein radioredaksjon, har dei sett kva som skjer når Mari, utan å fortelja om opptaka, prøver å sjekka opp Stian. Han er ein hyggeleg mann, men er for sjenert til sjekking.

– Me observerte redaksjonen i ein radiostasjon i Oslo med ei rekkje skjulte kamera, over ei veke. Det vart ein morsom episode, synest eg!

Leia produksjonen

Programideen om eit datingprogram er ikkje hennar, men som produksjonsleiar i ITV Studios Norway har ho fått trekkja i trådar og leggja til rette for innspelinga.

– Tolv ulike pilotar produsert av ulike selskap skal visast i mai, der TV 2 ynskjer at publikum stemmer på sin favoritt. Det er ein spennande og ny måte å produsera TV på, synest Amalie Skeie. «Hemmelig kjærlighet» vert også tilgjengeleg på nettsida TV2 Sumo frå 5. mai.

For to år sidan fekk Amalie Skeie kulturstipend frå Sparebankstiftinga Hardanger, som gjorde det mogeleg for henne å ta mastergrad i film- og TV-produksjon i England. Under vegs fekk ho eit stipend i England, som innebar utplassering, og som enda med jobb-tilbod i England.

– Men så fekk eg telefon frå ein kollega i Bergen og tilbod om eit vikariat, som eg takka ja til.

Dermed kom ho til ITV Studios, rett inn i jobben som produksjonsleiar.

Rett inn i jobben

– Det er heilt fantastisk å få jobba i bransjen, men det var tøft å koma rett inn i jobben som produksjonsleiar. Det kan vera vanskeleg, men samtidig lærer ein ufatteleg mykje på den måten!

I juni går ferda attende til England.

– Eg vil jobba, leva og læra litt meir i utlandet, no medan eg framleis er ung og dum, fleipar ho.

Sjølv om ho ser føre seg å koma attende til heimlandet, til Bergen og Vestlandet, meiner ho det har sin verdi å vera ute i ein periode, for å sanka impulsar og lærdom. Ei viss forplikting til å koma «heim att» kjenner ho òg, etter at ho nyleg har vorte tildelt stipend på 50.000 kr frå Vestnorsk filmsenter. Pengane sikrar ho inntekt og ei mentorordning, der målet er å sikra kompetanse innan filmproduksjon på Vestlandet.

Kommentarer til denne saken