JOSTEIN FINNE: I fleire år har Jostein Finne, leiar for Voss Tråvlag, kjempa for ny travbane på Voss. I sommar opna den splitter nye banen på Nedre Kyte. Foto: Bjørn Sandnes

Stem på din favoritt til Årets namn 2019

Med hjelp frå lesarane har Hordaland plukka ut ti nominerte til Årets namn for 2019.

I tida fram til torsdag 19. desember kjem Hordaland til å presentera to og to nominerte på nett og i papiravisa.

Dei to neste ut er Anny Forthun og Jostein Finne.

Anny Forthun vart frontpersonen for folket på Bolstad i kampen for å få barnehage. Ho er leiaren i Bolstadøyri kvinne- og familielag, som til slutt fekk eit politisk ja til barnehage på Bolstad. Formannskapet gjekk samrøystes inn for å få inn barnehagen på Bolstad inn i budsjettet til neste år.

ANNY FORTHUN: Anny Forthun spurte om barnehage på Bolstad på eit folkemøte tidlegare i år. No er ho nominert til Årets namn 2019. Foto: Lars Olve Hesjedal

Jostein Finne er leiaren i Voss Tråvlag, og jobba hardt i fleire år for å få travbane på Nedre Kyte. Etter nesten 20 år utan travbane på Voss vart det i sommar opna ein splitter ny bane. Miljøet på Voss har auka, og på Nedre Kyte er hesteinteresserte blitt samla på ny.

Dei ti nominerte til Årets namn

I tillegg til Anny Forthun og Jostein Finne er desse nominerte til Årets namn:

Sjur Røthe

Kjetil Kriken

Øyvind Wæhle

Torunn Hovland Ljone

Vigdis Reisæter

Ruth Lillegraven

Hege Eide Vik

Morten Svartveit

Slik stemmer du på din favoritt

Du kan anten senda mail til namn@avisa-hordaland.no, senda ei privat melding på Facebook-sida vår eller stemma ved bruk av kupongen frå papiravisa.

Hordaland tek imot stemmer fram til 19. desember ved midnatt.