TORUNN HOVLAND LJONE: Foto: Karl Ystanes

Stem på ein av dei nominerte til Årets namn

Med hjelp frå lesarane har Hordaland plukka ut ti nominerte til Årets namn for 2019.

I tida fram til torsdag 19. desember kjem Hordaland til å presentera to og to nominerte på nett og i papiravisa.

Dei to neste ut er Kjetil Kriken og Torunn Hovland Ljone.

Torunn Hovland Ljone er eigaren av Skeie-mylna i Ulvik, som vart opna i år. Med Torunn i spissen har eit eige venelag lagt ned tusenvis av arbeidstimar, og bankar, offentlege etatar, stiftingar og privatpersonar har gjeve stønad, slik at eldsjelene i Ulvik, har kunna ta vare på næringssoga i Hardanger.

Den daglege leiaren har fått orden på økonomien til Ekstremsportveko. Etter mange tunge år er festivalen, som er ei sterk merkevar for Voss, på rett kjøl. Han har jobba hardt for at festivalen skal fortsette å vera verdas største og beste ekstremsportarrangement. Sist med å få Veko inn på statsbudsjettet.

KJETIL KRIKEN: Etter mange tunge år er festivalen, som er ei sterk merkevar for Voss, på rett kjøl. Foto: Ørjan Brattetveit

Dei ti nominerte til Årets namn

I tillegg til Torunn Hovland Ljone og Kjetil Kriken er desse nominerte til Årets namn:

Sjur Røthe

Anny Forthun

Jostein Finne

Øyvind Wæhle

Vigdis Reisæter

Ruth Lillegraven

Hege Eide Vik

Morten Svartveit

Slik stemmer du på din favoritt

Du kan anten senda mail til namn@avisa-hordaland.no, senda ei privat melding på Facebook-sida vår eller stemma ved bruk av kupongen frå papiravisa.

Hordaland tek imot stemmer fram til 19. desember ved midnatt.